Skattefritak for erstatning og forsikringsutbetaling til barn for personskade eller tap av forsørgjar

  • Skriv ut

Det finst gunstige skattereglar for barn og ungdom som på grunn av personskade eller tap av forsørgjar har fått utbetalt erstatning eller forsikring.

Frå og med inntektsåret 2012 skal desse utbetalingane til barn og ungdom under 22 år vere unnatekne frå skattlegging på formuen:

  • eingongserstatning for personskade eller tap av forsørgjar
  • eingongsutbetaling av ulykkes-, sjukdoms- eller uføreforsikring ved skade, sjukdom eller lyte
  • eingongsutbetaling av ulykkesforsikring eller dødsfallsforsikring ved tap av forsørgjar

For skadeserstatningar blir det kravd at erstatninga skal vere utmålt etter prinsippa i skadeserstatningslova kapittel 3 eller yrkesskadeforsikringslova. Ved personskade hos barnet blir det ikkje lenger stilt krav til kor mykje arbeidsevna til barnet er sett ned med.  

Formuesskattefritaket gjeld fram til og med det inntektsåret barnet/ungdomen fyller 21 år. 

Fritaket for formuesskatt gjeld uavhengig av korleis beløpet er plassert, til dømes i bankinnskot, livrenteforsikring, eigedom, bil osv. Det må vere tilstrekkeleg samanheng mellom forsikrings-/erstatningsbeløpet og plasseringa av beløpet. Skattefritaket er avgrensa til opphavleg forsikrings-/erstatningsbeløp eller til den delen av det opphavlege beløpet som var i behald per 1. januar 2015. 

Endringane har ikkje tilbakeverkande kraft

Gruppa av skadelidde som får formuesskattefritak, blei utvida frå og med 2012.

Reglane gjer at skadeserstatning og dei typane personforsikring som er nemnde over, blir handsama likt skattemessig. 

Endringane har ikkje tilbakeverkande kraft for åra før 2012. Det gjer at forsikringsmottakarar som fekk utbetaling eit tidlegare år, ikkje får rett til å endre skattefastsettinga for 2011 eller tidlegare inntektsår. Formuesskattefritak kan likevel vere aktuelt for seinare år. Dersom barnet/ungdomen har fått utbetaling til dømes i 2006 og beløpet framleis er i behald, kjem formuesskattefritak til å gjelde frå og med 2012 og fram til og med det inntektsåret barnet/ungdomen fyller 21 år.

Når barnet er under 17 år

Normalt skal inntekt og formue hjå barn under 17 år fastsettas saman med foreldra.

Formue og avkastning (renter o.a.) av erstatningsbeløpet eller forsikringsbeløpet kan likevel fastsettast særskilt på barnet dersom dette gir lågare skatt enn om beløpet blir skattlagd hos foreldra. Særskilt fastsetting av renteinntekta sikrar at barnet får sitt eige personfrådrag ved inntektsfastsettinga. Dersom akkumulerte renter frå tidlegare år har ført til formue, blir ikkje dette omfatta av formueskattefritaket. Slik formue kan fastsettas særskilt på barnet, som då får sitt eige fribeløp ved formuesfastsettinga. Skatteetaten reknar ut på den måten som er mest gunstig. Skatten skal gå fram av skatteoppgjeret til foreldra, og barnet skal derfor ikkje levere eiga skattemelding som gjeld erstatninga/forsikringsutbetalinga.

Skattekort for 2017

Viss du har barn som har motteke:

• Engangserstatning for personskade eller tap av forsytar

• Engangsutbetaling av ulukke-, sjukdoms- eller uføreforsikring ved skade, sjukdom eller lyte

• Engangsutbetaling av ulykkesforsikring eller dødsfallsforsikring ved tap av forsytar

bør du kontrollera skattekortet. Du bør endra skattekortet viss opplysningane om formuen til barnet/renteinntekter frå mottekne erstatningar er førd opp på deg.

Korleis oppgir eg opplysningane i skattemeldinga for 2016?

For at vi skal kunne rekne ut rett skattereduksjon av eingongserstatninga eller forsikringsutbetalinga, må du under Tilleggsopplysningar (post 5.0 i skattemeldinga) opplyse om:

  • samla opphavleg erstatnings-/forsikringsbeløp
  • utbetalingsår
  • kva beløp i skattemeldinga for 2016 som refererer seg til erstatnings-/forsikringsbeløpet (til dømes renteinntekter, utleigeinntekter, aksjeutbyte, bankinnskot, livrenteforsikring, eigedom eller bil)

NB! Du/de skal ikkje endre beløpa i postane i skattemeldinga.  

Du/de treng ikkje sende inn dokumentasjon saman med skattemeldinga, men du/de må kunne vise fram dokumentasjon på førespurnad. 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.