Når eit barn er under 17 år

Barn som er yngre enn 17 år i inntektsåret og som bur saman med foreldre:

Barn som ikkje har fylt 17 år i inntektsåret skal som hovudregel skattleggjast saman med foreldra. Det inneber at dersom du har barn under 17 år skal den eventuelle inntekta og formuen til barnet leggjast til inntekta og formuen din i skattemeldinga di, og takast med ved fastsettjinga av skatten.

Dersom foreldra bur saman, skal skatten av formuen og inntekta til barnet som hovudregel fastsetjast med ein halvpart på kvar av dykk. Dette gjeld anten de er ektefellar eller sambuarar. De kan likevel krevje ei anna fordeling. Dersom du og barnet ikkje bur saman med den andre forelderen, skal formuen og inntekta til barnet som hovudregel fastsetjast på den forelderen som barnet er registrert busett saman med i folkeregisteret ved utgangen av inntektsåret. Bur barnet hjå deg og du er gift med ein annan enn forelderen til barnet, skal fastsetjast barnets inntekter og formue med ein halvpart på kvar av deg og ektefellen din. De kan krevje at barnet skal skattleggjast berre hjå den som er mor/far til barnet.

Arbeidsinntekt hjå barn som har fylt 13 år og som skattleggjast med foreldra

Det gjeld ein særregel for arbeidsinntekt hjå barn som har fylt 13 år og som skattleggjast med foreldra. Skatt på all arbeidsinntekt barnet har skal fastsetjast særskilt. Barnet får ei eiga skattemelding berre for arbeidsinntekta, også der arbeidsinntekta kjem frå foreldra si bedrift. Barnet får eit eige skatteoppgjer for arbeidsinntekta. Alle andre inntekter barnet har, til dømes renteinntekter eller barnepensjon, og formuen til barnet, skal framleis skattleggjast saman med foreldra, det vil seie at det skal vere ført opp på foreldra si skattemelding. I skattemeldinga til barnet skal du altså ikkje føre opp formue og andre inntekter som barnet har.

Ver merksam på at særskilt fastsettjing av skatt på ein inntekt ikkje er det same som sjølvstendig skattefastsettjing.

Barn som er yngre enn 17 år i inntektsåret og som ikkje har foreldre i live eller som lever åtskilte frå foreldra

Eit barn som ikkje har fylt 17 år i inntektsåret og som ikkje har foreldre i live behandlas som sjølvstendige (ensleg) skattytarar. Barnet må fastsettje all egen skattepliktig inntekt og formue i si skattemelding og får sjølvstendig skattefastsettjing. Det same gjeld der barnet ikkje bur saman med foreldre fordi begge foreldra er fråtekne foreldreansvaret eller den daglege omsorga for barnet. I desse tilfella er det verja som har ansvaret for å kontrollere skattemeldinga og levere den viss det er endringer.

Skatteklasse/personfrådrag ved sjølvstendig skattefastsettjing

Barn og ungdom som skattleggjast sjølvstendig som einsleg skattytar får sitt eige personfrådrag i skatteklasse 1. Personfrådraget er eit botnfrådrag/fribeløp når ein fastsettjar skatt på allminneleg inntekt, det vil seie alle typar inntekter (lønns-, pensjons-, kapital- og næringsinntekter).

Personfrådraget skal ikkje førast opp i skattemeldinga, men blir gitt automatisk når vi reknar ut skatten. For inntektsåret 2016 er personfrådraget 51 750 kroner (skatteklasse 1). Har barnet/ungdommen vore busett i Noreg berre delar av året, blir personfrådraget redusert i høve til dette.

Dersom barnet skattleggjast saman med ein av eller begge foreldra, gir ein ikkje barnet eit eige personfrådrag i den alminnelege inntekta til foreldra.

Særskilt fastettjing av skatt på arbeidsinntekt eller renter av erstatnings-/forsikringsutbetaling

Det blir likevel gitt eit eige personfrådrag ved særskilt fastsettjing av skatt på arbeidsinntekt (for barn 13–16 år), og ved særskilt fastsettjing av skatt på avkastning, t.d renter av erstatnings-/forsikringsutbetaling til barn under 17 år.

Fribeløp ved skattlegging av formue

Barn under 17 år som blir skattlagt sjølvstendig får eit eige fribeløp når vi reknar ut formuesskatten.

Barn under 17 år som blir skattlagt saman med foreldre får ikkje eit eige fribeløp ved utrekninga av formuesskatt.