Særskilt om barn og ungdom som har fått utbetalt erstatning eller forsikring

Det gjeld eigne formuesskattereglar for barn og ungdom under 22 år som har teke imot erstatnings- eller forsikringsutbetaling for personskade eller for tap av forsørgjar. Du finn meir informasjon om formuesskattefritaket i artikkelen "Skattefritak for erstatning og forsikringsutbetaling til barn for personskade eller tap av forsørgjar".

Dersom du har eit barn som i siste inntektsår eller eit tidlegare år har teke imot slik utbetaling som er friteken for formuesskatt, eller du sjølv har teke imot dette, kan du ikkje ta i bruk leveringsfritaket ved skattemeldinga. Då må du må gi opplysningar i skattemeldinga eller i eit eige brev til skattekontoret om kva for beløp som stammar frå erstatnings- eller forsikringsutbetalinga.

Sjølv om utbetalinga er friteken for formuesskatt, er desse verdiane likevel oppførte som formue i den førehandsutfylte skattemeldinga.

Erstatnings- eller forsikringsutbetalingar er ofte plasserte på bankkonto, i verdipapir o.l., og beløpa blir rapporterte til Skatteetaten av banken, VPS eller andre, og blir registrerte som formue på barnet. Banken, VPS osv. som forvaltar pengane veit ikkje at dette er beløp som er fritekne for formuesskatt. Dessutan kan det til dømes på bankkontoen stå både pengar som det skal svarast formuesskatt av (t.d. arv, egen sparing) og pengar det ikkje skal betalast formuesskatt av (t.d. erstatning).

Om eit barn under 17 år har teke imot denne typen erstatning/utbetaling har ikkje noko å seie for om barnet skal skattleggjast saman med forelda eller skattleggjast sjølvstendig som einsleg skattytar.

Dersom barnet skattleggjast saman med foreldra, er beløpet førehandsutfylt i skattemeldinga til foreldra. Dersom barnet blir likna sjølvstendig, er beløpet førehandsutfylt i skattemeldinga til barnet.

Korleis gir du opplysningane i skattemeldinga for 2016?

NB! Du/de skal ikkje endre beløpa i postane i skattemeldinga. Det er svært viktig at du som leverer skattemeldinga ikkje stryk dei formuesskattefrie beløpa frå den førehandsutfylte skattemeldinga.

Fyll ut post 5.0

I staden må du gi opplysningar i post 5.0 i skattemeldinga om kva for eit beløp som gjeld renter/avkastning frå erstatninga og kva slags beløp som er erstatning som framleis er i behald 31.12 i inntektsåret. Dette er nødvendig for at skattekontoret skal kunne fange opp kva for skattytarar som har formuesskattefri verdiar frå erstatning og behandle formuen og renteinntekter på skattemessig rett måte både dette inntektsåret og for inntektsåra fram til skattytaren fyller 22 år (etter fylte 22 år gjeld vanlege reglar om skatteplikt for formue).

Barn med erstatning som skattleggjast saman med foreldre

Ei særskilt skatteutrekning gjeld når barnet blir skattlagt med foreldre. Formuen og renter frå erstatnings- eller forsikringsutbetalinga blir lagt til formuen og inntekta til foreldra, men skattekontoret utfører ei utrekning som inneber at erstatningsformuen blir friteken for formuesskatt skatt på avkastningen/rentene blir fastsatt særskilt.

Særskilt fastsetting av skatt på rentene

Særskilt fastsettjing av skatt på renteinntektene inneber at det blir gitt eit eige personfrådrag (fribeløp) ved denne skatteberegningen, slik at det i praksis blir låg eller ingen skatt på renteinntektene.

Døme:

Renteinntekter på 40 000 kroner minus personfrådrag på 51 750 kroner = null skatt på renteinntektene.

Ved særskilt fastsettjing av skatt på rentene blir det ikkje sendt ut ei eiga skattemelding eller eiget skatteoppgjer for barnet. Skattekontoret vil utføre skattefatsettjinga på den måten som er den mest gunstige for skattytaren.

Merk at særskilt fastsettjing av skatt på inntekt ikkje er det sama som sjølvstendig skattefastsettjing for ein person som skattleggjast aleine.