Ungdom som er 17 år eller eldre i inntektsåret

Frå og med det inntektsåret du fyller 17 år blir du behandla som ein sjølvstendig skattytar. Du må fastsetje all din skattepliktige inntekt og formue i skattemeldinga. Når du skattleggjast sjølvstendig inneber det at du sjølv blir ansvarleg for skatten.

Du får tilsendt ei eiga skattemelding med opplysningar om inntekter og formue som du må kontrollere. Opplysningane er innrapporterte frå arbeidsgivar, bank og så vidare.

Dersom den førehandsutfylte skattemeldinga er korrekt, kan du ta i bruk det såkalla leveringsfritaket. Det inneber at du ved å forhalde deg passiv godkjenner at skattemeldinga er rett og fullstendig, utan at du må gjere noko.

Gjer du endringar i dei forhandsutfylde opplysningane eller tilføyingar, må du levere skattemeldinga.