Informasjon for praktikantar og dagmammaer som passar barn i barnet sin heim

Er du praktikant eller barnevakt og passar barn i barnet sin heim, er du arbeidstakar. Barnet sine foreldre eller føresette er arbeidsgivaren din.

Skatteplikt
Du er skattepliktig for lønna og verdien av fri kost og losji. Dette gjeld òg dersom du har fått arbeidsløyve i Noreg etter den særskilde ordninga for au pair.

Rettar
Som arbeidsgivar for deg skal foreldra til barnet registrere arbeidsforholdet hjå skattestyresmaktene.

Du har vanlegvis krav på sjukepengar dersom du blir sjuk og dagpengar dersom du blir arbeidsledig.

Du har òg opptening av alderspensjon. Er du fødd i 1954 eller seinare, får du opptening av alderspensjon etter nye reglar om opparbeidd pensjonsbehaldning: Den årlege pensjonsoppteninga utgjer 18,1 prosent av pensjonsgivande inntekt. Er du fødd i 1953 eller tidlegare, har du pensjonsopptening etter gamle reglar basert på pensjonspoeng. Du får pensjonspoeng dersom den samla personinntekta i løpet av året overstig det gjennomsnittlege grunnbeløpet i folketrygda.

Forhøyr deg med NAV om reglane for dette, og kva for andre rettar du har i trygdesystemet.

Skattekort
Dersom du manglar skattekort, kan du bestille skattekort. Arbeidsgivar må trekkje skatt med 50 prosent av lønna dersom du ikkje har skattekort. Dersom opplysningane i skattekortet ditt er feil, kan du endre skattekortet.

Arbeidsgivar hentar skattekortet ditt elektronisk frå Skatteetaten. Det inneber at du ikkje treng å levere noko til arbeidsgivaren. 

A-melding og skattemelding

Etter den forenkla ordninga skal arbeidsgivar gi deg eit eksemplar av den forenkla meldinga kvar gong du får utbetalt lønn. Du får derimot ikkje noka samanstilling i januar året etter inntektsåret. 

Dersom arbeidsgivaren din ikkje tek i bruk den forenkla meldinga, men i staden bruker ordinær a-melding, skal du få ein lønnsslipp for kvar lønning og ei samanstilling over det du har tent i januar året etter inntektsåret.

Lønn som er rapportert inn til Skatteetaten i den forenkla meldinga eller i a-meldinga, blir teken med i skattemeldinga di. Dersom beløpet manglar i skattemeldinga, eller dersom det er feil, må du føre opp rett beløp. Derfor må du ta godt vare på dei forenkla meldingane eller lønnsslippar og samanstillinga, slik at du veit kva du har fått utbetalt i løpet av året. Meldingane eller samanstillinga er beviset ditt på kor mykje forskotstrekk som er gjort av lønna. Beløp som er trekte i skatt, skal kome til frådrag i utlikna skatt ved skatteavrekninga.

Dersom barnepasset er utført i eit tenesteforhold, har du krav på feriepengar. Feriepengane utgjer 10,2 prosent av feriepengegrunnlaget i oppteningsåret. Utbetalte feriepengar går ikkje inn i grunnlaget for nye feriepengar. Lønn for enkeltståande barnepassoppdrag (typisk barnevakter) gir ikkje grunnlag for feriepengar.

Skattefastsetjing, trygdeavgift og pensjonspoeng
Når du får skatteoppgjeret, ser du kor mykje skatt og trygdeavgift som er rekna ut, og om du får restskatt eller har pengar til gode. Det går òg fram om du har tent opp pensjonspoeng.

Særskilt om utanlandske praktikantar / au pair
Du blir vanlegvis medlem i den norske folketrygda frå og med første arbeidsdag. Forhøyr deg med NAV om reglane for dette, og kva for andre rettar du har i trygdesystemet.

Første gong du bestiller skattekort, må du møte på skattekontoret for å legitimere deg.

Ønskjer du meir informasjon, kan du sjå Informasjon til utanlandske arbeidstakarar: Om skatt, skattekort og skattemelding.