Endra sivilstatus

  • Skriv ut

Dersom du har fått endra sivilstatus kan det påverke både skatteklasse og frådrag.

Eg har blitt sambuar i 2016

Ikkje-meldepliktige sambuarar blir skattlagde kvar for seg i skatteklasse 1.

Frådrag

Gjeldsrenter for gjeld som begge er ansvarlege for, skal fordelast mellom partane etter ein reell og intern avtale om ansvar for gjelda. Har de ikkje ein intern avtale, skal rentefrådraget fordelast likt. Dette gjer de i post 3.3.1.

Foreldrefrådrag kan fordelast likt mellom foreldra i post 3.2.10.

Eg har gifta meg

Gifta du deg etter 1. november 2015, skal de skattleggjast kvar for dykk. Den av ektefellane som har lågast alminneleg inntekt kan likevel krevje å bli skattlagd under eitt med den andre ektefellen, under føresetnad av at de har felles heim før utløpet av 2016. Det gjer du i post 1.3.

Eg har blitt separert eller skild i løpet av året

Skatteklasse

Dersom de har blitt skilde eller separerte før utgangen av inntektsåret, skal de skattleggjast kvar for dykk i skatteklasse 1.

Dersom ein av ektefellane forsørgde den andre det meste av separasjons- eller skilsmisseåret, og/eller ved etterfølgjande bidrag, kan denne krevje skatteklasse 2. Det gjer du i post 1.3. Du kan då ikkje krevje frådrag for eit eventuelt bidrag.

Frådrag

Frådragspostar som knyter seg til bestemte inntekter, skal førast til frådrag hjå den ektefellen som blir skattlagd for den aktuelle inntekta.

Kostnader som ikkje er knytte til bestemte inntektspostar, skal i utgangspunktet førast hjå den som er ansvarleg for kostnaden.

Gjeldsrenter, for gjeld som begge er ansvarlege for, kan førast til frådrag i post 3.3.1 hjå den som har betalt rentene, dersom begge partane er samde. Dersom dei ikkje er samde, skal gjeldsrentene fordelast likt, såframt det ikkje finst opplysningar om at ektefellane heftar ulikt for gjelda.

Kostnader på grunn av samlivsbrot (kostnader til advokat ved fordeling av innbu, samværsrett, barnebidrag eller andre private kostnader i samband med samlivsbrot) får du ikkje frådrag for.

Vi var separerte eller skilde og har flytta saman att i løpet av året

Separerte ektefellar som flyttar saman att innan utgangen av 2016, får same skatteklasse som for ektefellar.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.