Særfrådrag for store sjukdomsutgifter – diabetes

  • Skriv ut

Har du diabetes og krev særfrådrag for meirutgifter du har hatt i samband med sjukdomen, er krava til dokumentasjon og sannsynleggjering dei same som for andre skattytarar som krev særfrådrag for store sjukdomsutgifter.

Dette inneber at meirkostnader som lett kan dokumenterast med kvittering, må kunne leggjast fram på førespurnad frå skattekontoret. Døme på slike kostnader er kostnader til eigendelar, hjelpemiddel og utstyr.

Dersom du har tilbakevendande meirkostnader ved sjukdomen som er vanskelege å dokumentere, kan sannsynleggjering av meirkostnadene for ein samanhengande, representativ periode i løpet av inntektsåret (minst éin månad), vere tilstrekkeleg sannsynleggjering av sjukdomsutgifta for heile inntektsåret.

Legeattest for kostutgifter

Krev du særfrådrag for meirutgifter til kost, må du på førespurnad kunne dokumentere dette med legeattest der det går fram at sjukdomen er kosthaldsregulert. Når ein skal fastsetje meirutgifta til kost, blir det teke utgangspunkt i SIFO (Statens institutt for forbruksforsking) sitt standardbudsjett for det aktuelle inntektsåret. Sjå Skatte-­ABC under emnet Særfradrag – sykdom eller svakhet. Det er berre frådragsrett for nødvendige meirutgifter til kost. I dette ligg det at du ikkje kan få frådrag for meirutgifter til urimeleg dyrt kosthald. Du må i utgangspunktet sannsynleggjere meirutgifter til kost på vanleg måte. Det er nok at du kan leggje fram kvitteringar over kostutgifter for ein samanhengande representativ periode på minst éin månad.

Dersom du ikkje kan sannsynleggjere storleiken på dei faktiske meirutgiftene til kost, kan meirutgiftene sjablongmessig setjast til kr 4000 for heile inntektsåret. Beløpet omfattar òg utgifter til følingsmat. Eit vilkår for å få rett til særfrådrag er at sjukdomskostnadene i løpet av inntektsåret utgjer minst kr 9180. Det er derfor viktig å understrekje at du i tillegg må sannsynleggjere at du har hatt meirutgifter på minst kr 5180 for at det skal kunne innrømmast særfrådrag for store sjukdomsutgifter.

Skjemaet til Diabetesforbundet

Skjemaet som er utarbeidd av Norges Diabetesforbund, blir ikkje utan vidare rekna som tilstrekkeleg dokumentasjon/sannsynleggjering av meirkostnadene dine ved sjukdomen. Eit slikt skjema kan likevel gi ei viss rettleiing når det gjeld kostnadene dine som direkte eller indirekte kan knytast til sjukdomen.

Generell informasjon

I Skatte-ABC, under emnet Særfradrag – sykdom eller svakhet, er det gitt meir utfyllande informasjon om ordninga med særfrådrag. Du finn mellom anna ei liste med utgifter som det kan vere aktuelt å krevje særfrådrag for, og kva krav som blir stilte til sannsynleggjering eller dokumentasjon. 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.