Kva krav blir stilte til dokumentasjon/sannsynleggjering?

Du må sjølv krevje frådrag for sjukdomskostnader når du leverer skattemeldinga.

Du må òg vere førebudd på å måtte dokumentere/sannsynleggjere alle kostnadene du krev frådrag for, dersom skattekontoret ber om det.

Det blir derfor tilrådd at du tek vare på kvitteringar, bilag o.a. som knyter seg til dei kostnadene du meiner du har krav på frådrag for. Dersom kostnadene er vanskelege å dokumentere, vil du likevel kunne få frådrag for dei kostnadene som skattekontoret meiner det er høgst sannsynleg at du har hatt. Dersom du har tilbakevendande meirkostnader ved sjukdomen som er vanskelege å dokumentere, kan sannsynleggjering av meirkostnadene for ein samanhengande, representativ periode i løpet av inntektsåret (minst éin månad) vere tilstrekkeleg sannsynleggjering av sjukdomsutgiftene for heile inntektsåret.

Utfylt skjema som er utarbeidd av ein interesseorganisasjon, er ikkje utan vidare tilstrekkeleg som dokumentasjon/sannsynleggjering av meirkostnadene ved sjukdom. Eit slikt skjema kan likevel gi ei viss rettleiing når det gjeld kostnadene dine som direkte eller indirekte kan knytast til sjukdomen.