Eg er diabetikar og har eit dyrare kosthald på grunn av sjukdomen. Kva krav blir stilt til dokumentasjon/sannsynleggjering av meirutgiftene mine til kost?

Krev du særfrådrag for meirutgifter til kost, mellom anna utgifter til følingsmat, må du på førespurnad kunne dokumentere dette med legeattest der det går fram at sjukdomen er kosthaldsregulert / kost er ein del av behandlinga. Det er i denne samanhengen tilstrekkeleg at du kan leggje fram kvitteringar på utgifter knytte til innkjøp av mat og alkoholfrie drikkevarer i ein samanhengande representativ periode på minst éin månad i løpet av inntektsåret. Det er berre frådragsrett for nødvendige meirutgifter til kost. I dette ligg det at du ikkje kan få frådrag for meirutgifter til urimeleg dyrt kosthald.

Når ein skal fastsetje meirutgiftene til kost, blir det teke utgangspunkt i SIFO (Statens institutt for forbruksforsking) sitt standardbudsjett for det aktuelle inntektsåret – for forbruksutgifter til matvarer og alkoholfrie drikkevarer.

Dersom du ikkje kan sannsynleggjere storleiken på dei faktiske meirutgiftene til kost, kan meirutgiftene sjablongmessig setjast til 4000 kroner for heile inntektsåret. Beløpet omfattar òg utgifter til følingsmat. Ver merksam på at du i tillegg til sjablongbeløpet på 4000 kroner må dokumentere/sannsynleggjere ytterlegare meirutgifter på minst 5180 kroner for å kunne krevje særfrådrag. Sjå over om vilkåret om storleiken på kostnaden.

Vi viser til Skatte-ABC under emnet Særfradrag – sykdom eller svakhet dersom du vil ha meir utfyllande informasjon.