Underhaldsbidrag

  • Skriv ut

Dersom du betaler underhaldsbidrag til den tidlegare ektefellen din, får du frådrag for bidraget. Med underhaldsbidrag meiner ein regelmessige bidrag som du er forplikta til å gi i samsvar med lov eller avtale.

Underhaldsbidrag frå tidlegare ektefelle er skattepliktig inntekt for mottakaren, sjå nedanfor. Du har òg rett på frådrag dersom du betaler regelmessig økonomisk støtte til underhald av andre personar som du etter avtale har forplikta deg til å forsørgje. Bidragsmottakaren kan bu i utlandet.

Du får ikkje frådrag for tilsvarande underhaldsbidrag til sambuar, foreldre eller vaksne barn. Vanleg barnebidrag etter barnelova gir ikkje frådragsrett. Underhaldsbidrag som blir gitt som eingongsbeløp gir ikkje rett til frådrag.

Du må kunne leggje fram dokumentasjon som viser at du har bidragsplikt som følgje av avtale eller lov og at bidraget er betalt. Det er inga beløpsgrense for frådraget. Dersom det samla bidraget til ein person utgjer 10 000 kroner eller meir i løpet av året, er det eit vilkår for frådrag at du har betalt via bank.

Slik fører du frådraget i sjølvmeldinga

Du fører det samla bidragsbeløpet i post 3.3.3 i skattemeldinga.

Dersom du får regelmessig underhaldsbidrag frå den tidlegare ektefellen din eller andre som følgje av lov eller avtale, er dette skattepliktig inntekt for deg. Det samla beløpet skal førast i post 2.6.1 i skattemeldinga.

Skatteplikta gjeld ikkje når bidrag er gitt som eingongsbeløp. Underhaldsbidrag frå sambuar, foreldre eller barn er ikkje skattepliktig inntekt.

Kvifor har eg ikkje fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.