Gåver/pengestøtte til livsopphald for medarbeidarar i ulønna oppdrag

  • Skriv ut

Om gåver og pengestøtte til livsopphald for misjonærar og medarbeidarar i ulønna oppdrag for ein organisasjon.

Somme personar arbeider frivillig i heil- eller deltidsstilling for ein organisasjon, men organisasjonen sjølv betaler ikkje ut lønn for arbeidet. "Avlønninga" er basert på at frivillige bidragsytarar gir pengestøtte eller gåver direkte til kvar einskild medarbeidar til dekning av livsopphald.

Gåver utanfor arbeidsforhold er som hovudregel ikkje skattepliktig inntekt. Ei gåve kan likevel vere så nært knytt til ein arbeidsinnsats at ho skal skattleggjast som lønnsinntekt.

For å syte for ei meir einsarta skattemessig behandling av pengestøtte som andre enn organisasjonen gir, har Skattedirektoratet fastsett retningslinjer til skattekontora om korleis reglane skal praktiserast. Retningslinjene er lagde til grunn ved skattefastsettinga frå og med inntektsåret 2014.

I retningslinjene skil ein ut ei givargruppe som er lett å identifisere, og som består av nær familie der det generelt kan leggjast til grunn at givaren har hatt gåveføremål som gjer gåva skattefri.

Gåver frå nær familie

Nær familie omfattar

  • slektningane til mottakaren i rett opp- eller nedstigande linje, til dømes barn, barnebarn, foreldre, besteforeldre, oldeforeldre
  • fosterforeldre, fosterbarn
  • sysken, svigerfamilie, tante og onkel, niese, nevø

Dersom du har arbeidd i ulønna oppdrag for ein organisasjon og teke imot gåve frå nær familie på til saman kr 100 000 eller meir, opplyser du om det i post 1.5.3 i skattemeldinga. Du treng ikkje sende med dokumentasjon på gåvene når du leverer skattemeldinga, men du må leggje fram ei liste over givarane si familietilknyting og beløp dersom skattekontoret ber om det.

Gåve frå alle andre givargrupper (fjern familie, venner og kjende)
Utgangspunktet er at gåver og pengestøtte frå andre enn nær familie blir rekna for å vere gitt for å støtte det arbeidet som mottakaren gjer i organisasjonen. Gåver frå denne givargruppa må difor vanlegvis behandlast som skattepliktig lønn.

Har du arbeidd i ulønna oppdrag for ein organisasjon og teke imot økonomisk støtte frå andre enn nær familie, skal du føre den samla verdien av slike bidrag i post 2.1.1. Er det samla gåvebeløpet frå ein einskild givar kr 1 000 eller mindre per år, er beløpet ikkje skattepliktig og skal ikkje førast opp som lønn i skattemeldinga.

Støtta kan reknast som skattefri gåve dersom du kan sannsynleggjere at ein givar utanfor nær familie har hatt gåveføremål fordi støtta ikkje heng saman med arbeidet du gjer for organisasjonen. Døme på gåveføremål hjå givaren kan vere pengegåve i samband med fødselsdag eller at givaren har gitt tilsvarande pengegåve også til andre personar som ikkje er knytte til organisasjonen.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.