Flyttekostnader ved ny stilling

  • Skriv ut

Flyttekostnader som du hovudsakleg har hatt for å overta ei ny stilling, kan du få frådrag for dersom du har akseptert tilbodet om stillinga før du starta flyttinga.

Frådragsretten gjeld òg kostnader til flytting frå utlandet til Noreg og frå Noreg til utlandet, så framt inntekta i den nye stillinga er skattepliktig til Noreg.

Frådragsretten omfattar mellom anna dette:

  • reisekostnader
  • kostnader til flytting av innbu og lausøyre, medrekna pakking, emballasje, forsikring og liknande

Frådrag for flyttekostnader som kjem av at du har teke over ei ny stilling, inngår i minstefrådraget i post 3.2.1. Dersom du ikkje bruker minstefrådraget, skal du føre frådraget for flyttekostnader i post 3.2.2.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.