Slik bruker du kalkulatoren

  • Skriv ut

slik bruker du reisefradragskalkulator

A. Dette området handlar om reisa mellom der du bur og pendlarbustaden din.

  1. Skriv inn adressa der du bur. Når du begynner å skrive, kjem det framlegg til adresser. Du kan anten skrive inn heile adressa sjølv eller velje frå lista. Gjer deretter det same for adressa til pendlarbustaden din.
  2. Skriv inn kor mange gonger du har reist heim frå pendlarbustaden og svar på spørsmålet om spart reisetid. Har du reist med fly, kan du velje å få frådrag for utgiftene i staden for kilometrane.
  3. Klikk på knappen Rekn ut reiserute >. Då får du opp avstanden tur-retur mellom heimen og pendlarbustaden og eit kart som viser vegen. Dersom du meiner at avstanden er feil, kan du klikke Endre avstand og skrive inn avstanden sjølv.

B. Dette området handlar om reisa mellom pendlarbustaden og arbeidsplassen din.

  1. Skriv inn adressa til arbeidsplassen. Når du begynner å skrive, kjem det framlegg til adresser. Du kan anten skrive inn heile adressa sjølv eller velje frå lista.
  2. Skriv inn talet på dagar du har reist frå pendlarbustaden til arbeidsplassen og svar på spørsmålet om spart reisetid.
  3. Klikk på knappen Rekn ut reiserute >. Då får du opp avstanden tur-retur mellom pendlarbustaden og arbeidsplassen og eit kart som viser vegen. Dersom du meiner at avstanden er feil, kan du klikke Endre avstand og skrive inn avstanden sjølv.

C. Dersom du har ein arbeidsstad til, kan du leggje til denne ved å klikke på Legg til arbeidsplass 2 rett under kartet.

D. Klikk på knappen Rekn ut reisefrådrag > for å få reisefrådraget. Svaret ser du nedst på sida.

Dersom du treng hjelp til å finne ut kva du skal skrive i felta, eller vil vite kva noko tyder, kan du klikke på spørjeteikna i kalkulatoren.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.