Arbeid

Det er eit krav at du må bu utanfor heimen på grunn av arbeid eller verksemd. Med arbeid meiner vi at du tek imot lønn eller anna godtgjersle for arbeid som blir utført for arbeidsgivar/oppdragsgivar.

Som verksemd reknar vi aktivitet av økonomisk karakter, til dømes omsetning og/eller produksjon av varer og tenester.

Studium blir ikkje rekna som arbeid i denne samanhengen. Det inneber at dersom studium er hovudgrunnen til at du bur borte frå foreldreheimen, blir du ikkje rekna som pendlar, sjølv om du har ein deltidsjobb ved sidan av studia.

Døme

19 år gamle Anne frå Fagernes har begynt å studere i Oslo. Ho har skaffa seg ein liten hybel i byen. Ho reiser heim til foreldra kvar veke, men blir likevel ikkje rekna som pendlar, fordi kravet er at opphald utanfor heimen på Fagernes må vere grunna arbeid.