Flyttemelding skal sendast til folkeregisteret

Alle som flyttar mellom kommunar eller innan ein kommune, skal melde frå til folkeregisteret (skattekontoret) for innflyttingskommunen innan åtte dagar.

Flyttemelding på grunn av arbeidet

Alle som flyttar til ein annan bustad på grunn av arbeid, skal sende flyttemelding til folkeregisteret for den kommunen bustaden ligg i, sjølv om dei har behalde bustaden i heimkommunen. Dette må dei gjere for å få vurdert kvar dei skal vere registrerte som busette, ettersom dei no har to bustader. Dei som meiner at dei framleis skal vere registrerte i heimkommunen, grunngir dette på eit eige ark som dei legg ved flyttemeldinga.

Dokumentasjon

Du må dokumentere overfor folkeregisteret at krava til reisehyppigheit og bustadforhold er oppfylte. Du må fylle ut skjemaet Opplysninger om boforhold og pendling – enslige pendlere. Legg ved ei stadfesting (leigekontrakt e.l.) på kva slags bustad du har i heimkommunen og i arbeidskommunen, eventuelt opphaldskommunen. Køyrebok, bensinkvitteringar og billettar kan brukast som dokumentasjon på kor ofte du reiser mellom bustadene