Kvifor er det nødvendig å avgjere kva som er skattemessig bustad?

Kva kommune skal skatten betalast til?

Skatten skal betalast til den kommunen der ein person har den skattemessige bustaden sin per 1. november året før inntektsåret.

Dersom du har flytta til Noreg etter denne datoen, skal skatten betalast til den kommunen du først blei registrert som busett i då du kom til landet.

Frådrag for meirutgifter

Pendlarar har rett til frådrag for meirutgifter til kost og losji ved opphald på arbeidsstaden og for heimreiser.

Døme:

Knut (23 år) er frå Tromsø, men arbeider i Mo i Rana. Han leiger derfor ein hybel i Mo i Rana, men besøkjer ofte foreldra sine på heimstaden. Skattekontoret i Rana har slått fast at Knut sin skattemessige bustad er foreldra sin heim i Tromsø. Knut har derfor rett til frådrag for meirutgifter ved det å bu borte frå heimen. Han skal betale skatt til kommunen på heimstaden.

Stian flytta frå Trondheim til Narvik 15. desember 2004. Han beheldt den gamle leilegheita i Trondheim, men reiste ikkje dit ofte nok til å bli rekna som pendlar. Den skattemessige bustaden hans var då Narvik, og han fekk ikkje rett til frådrag for meirutgifter ved det å bu utanfor heimen. Men sidan han flytta etter 1. november 2004, betalte han skatt til Trondheim også i 2005.