Skattemessig bustad

Sjølvstendig eller usjølvstendig bustad

Ein bustad blir rekna som ein sjølvstendig bustad når buarealet er på minst 30 kvm. Dersom det bur fleire personar i bustaden, er kravet til sjølvstendig bustad 20 kvm meir for kvar bebuar over 15 år. For at bustaden skal kunne reknast som sjølvstendig, må du i tillegg disponere han i minst 12 månader og ha tilgang til han alle dagar i veka. Bustaden må òg ha innlagt vatn og avløp.

Dersom du leiger bustad i ei bueining der det bur andre (hybel), kan du krevje at det arealet som skal leggjast til grunn, er summen av det arealet du disponerer åleine og din del av fellesarealet. Dersom bueininga har sju eller fleire bebuarar over 15 år, er det berre det arealet du disponerer åleine som skal leggjast til grunn. Med usjølvstendig bustad meiner vi bustad som ikkje oppfyller krava til sjølvstendig bustad som forklart over.

Familiependlarar

For deg som er familiependlar, er reglane om skattemessig bustad enkle. Du blir rekna som busett der ektefellen eller barna dine bur. Dersom du bur saman med søsken som du forsørgjer, blir du rekna som busett der søskena dine bur. Felles heim med ektefelle går uansett framfor felles heim med andre.

Dersom både du og ektefellen din er pendlarar, blir de rekna som busette der de har felles bustad med barna. Dersom de ikkje har barn, blir de rekna som busette i den bustaden som blir rekna som sjølvstendig.Dersom de pendlar mellom fleire bustader som er sjølvstendige, blir de rekna som busette i den bustaden der de til saman har flest overnattingar (har størstedelen av døgnkvila).

Einslege pendlarar

For deg som er einsleg pendlar, er det meir komplisert å avgjere kva bustad du skal reknast som busett i. I tillegg må du oppfylle krav til pendling, sjå nærmare om dette under avsnittet om reiser. Det er andre reglar for pendlarar som er under 22 år ved utgangen av inntektsåret, enn for dei som er 22 år eller eldre.

Nedanfor følgjer ei oversikt over ulike forhold som verkar inn når ein skal fastsetje kva som er bustaden. Ver merksam på den såkalla samanlikningsregelen som kjem til slutt.

Foreldreheim

Hovudregelen er at ein einsleg person som pendlar mellom foreldreheimen og ein annan bustad, blir rekna som busett i foreldreheimen. For pendlarar som fyller 22 år eller meir i inntektsåret, gjeld dette berre når bustaden ved arbeidsstaden er usjølvstendig. Sjå avsnittet over om sjølvstendig og usjølvstendig bustad.

Sjølvstendig bustad i heimkommunen

Pendlar du mellom sjølvstendig bustad i heimkommunen og usjølvstendig bustad ved arbeidsstaden, blir du rekna som busett i heimkommunen.

Dersom bustaden i arbeidskommunen òg er sjølvstendig, blir du rekna som busett i den bustaden du overnattar oftast (har mesteparten av døgnkvila) i. Begynner du å pendle frå ein kommune der du har vore busett i minst tre år når pendlinga startar, kan du likevel krevje å framleis vere registrert i denne kommunen dersom vilkåra for dette er oppfylte. Sjå nærmare om dette under samanlikningsregelen nedanfor.

Usjølvstendig bustad i heimkommunen

Dersom bustaden i heimkommunen er usjølvstendig og bustaden i arbeidskommunen er sjølvstendig, blir du rekna som busett i arbeidskommunen.

Dersom både bustaden i arbeidskommunen og bustaden i heimkommunen er usjølvstendige, blir du rekna som busett i den av bustadene du overnattar oftast i (døgnkvileregelen).

Samanlikningsregelen

Sjølv om du ikkje oppfyller krava over, kan du likevel bli rekna som pendlar dersom du har vore registrert busett i heimkommunen i minst tre år når du begynner å pendle. Du vil då kunne ha halvparten så stor bustad i arbeidskommunen som i heimkommunen og likevel behalde heimkommunen som den skattemessige bustaden din. Føresetnaden er at du eller ektefellen din eig eller har utgifter til leige av bustad i heimkommunen. Har du brukt ein eigedom som bustad mot at du har dekt driftskostnadene, blir du likestilt med ein som tek til å pendle frå ein eigd eller leigd bustad, dersom du er ein nær slektning av den som eig eigedomen, eller er mottakar etter ein føderådskontrakt. Føresetnaden for at du skal kunne bruke samanlikningsregelen, er at bustadene ligg i forskjellige kommunar.

Døme:

Sjølvstendig eller usjølvstendig bustad:

Knut (23 år) arbeider i Mo i Rana. Så ofte som mogleg reiser han til foreldra sine i Tromsø. Hybelen i Mo er på under 30 kvm og blir derfor rekna som ein usjølvstendig bustad. Foreldreheim går framfor usjølvstendig bustad, og Knut sin skattemessige bustad er derfor foreldreheimen.

Knut har berre 11 månader att å arbeide i Mo i Rana, og han bestemmer seg for å skaffe seg ei større leilegheit. Han skaffar seg derfor ei leilegheit på 50 kvm. Også denne leilegheita er usjølvstendig, sidan Knut ikkje skal disponere leilegheita i 12 månader.

Døgnkvileregelen:

Etter kvart viste det seg at Knut sitt arbeidsforhold i Mo i Rana skulle vare lenger enn dei 11 månadene. Han måtte minimum rekne med å vere i Mo i Rana i to år til. Knut disponerer no leilegheita i Mo i Rana i meir enn 12 månader, og bustaden blir dermed rekna som sjølvstendig. Som følgje av at han skulle vere lenger i Mo i Rana, fekk Knut ein stor lønnsauke. Han såg det ikkje lenger som ønskjeleg å bu saman med foreldra og kjøpte seg ei eiga leilegheit i Tromsø på 110 kvm. Knut pendlar no mellom to sjølvstendige leilegheiter.Knut skal dermed ha skattemessig bustad på den staden han oftast overnattar på. Sjølv om han var i heimkommunen i feriar og helger, hadde han flest overnattingar i Mo i Rana. Den skattemessige bustaden til Knut blei dermed i Mo i Rana.

Samanlikningsregelen:

Knut ville ikkje lenger arbeide i Mo i Rana og fekk seg i staden for arbeid i Tromsø. Han meldte derfor flytting til Tromsø og budde fire år i leilegheita si. Etter fire år blei Knut forfremja. Ein konsekvens av det var at han måtte arbeide i Bodø. Han ønskte å pendle og kjøpte seg ei leilegheit på 52 kvm i Bodø og meldte flytting til denne. I samband med at Knut meldte flytting, gjorde folkeregisteret i Bodø han kjend med samanlikningsregelen. Han sette då fram krav om at han skulle bli verande registrert busett i Tromsø kommune. Bustaden i Tromsø har dobbelt så stort buareal som bustaden i Bodø. Sidan han eig bustaden i Tromsø og hadde vore registrert busett i kommunen dei fire siste åra, får Knut oppretthalde Tromsø som den skattemessige bustaden sin.