Noen temasider og kalkulatorer for hjelp med skattemeldingen (selvangivelsen) viser regelverk og satser for 2016. Innholdet vil være oppdatert med 2017-satser og regelverk før skattemeldingen for 2017 åpner i april.

Frådrag for faktiske utgifter

  • Skriv ut

Vel du å krevje frådrag for dei faktiske utgiftene du har til kost, får du ikkje frådrag etter sats. Du kan med andre ord ikkje velje begge delar.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

I tillegg til kost, kan du krevje frådrag for utgiftene dine til losji. Beløpa legg du saman, og summen fører du i kost- og losjifeltet i post 3.2.7.

Kostinnsparing i heimen

Når du krev frådrag for kost etter faktiske utgifter, må du trekkje frå eit beløp på 87 kroner per døgn fordi du har mindre utgifter til mat heime. Beløpet på 87 kroner er staten sin sats for kostinnsparing i heimen i 2016.

Døme:

Du har i pendlarperioden opphalde deg i pendlarbustaden i til saman 200 døgn.

 

Du har faktiske utgifter til kost på

52 000 kroner

-

kostinnsparing i heimen 200 døgn x 87 kroner

17 400 kroner

=

Sum

34 600 kroner i kost

I tillegg kan du få frådrag for losji:

Losji

79 358 kroner

Sjå kva for frådrag du kan få for losji

Desse kostnadene kan du i dette tilfellet føre opp i kost- og losjifelta i post 3.2.7 på skattemeldinga.

Dokumentasjonskrav

Vel du å føre frådrag for kost etter faktiske kostnader er det eit krav at du kan dokumentere utgiftene dine til kost med kvitteringar, bilag og liknande. Du treng ikkje sende oss dokumentasjonen på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi spør.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Satsen er 710 kroner per døgn. Du må gonge talet på døgn du sov på hotell med satsen. Beløpet legg du saman med alle beløpa du kan krevjeOrd fra ordbok..for når det gjeld kost og losji, og summane fører du separat i post 3.2.7 i høvesvis kost- og losji-feltet.

Døme: 

Du søv 200 døgn på hotell.

200 døgn X 568 kroner = 113 600 kroner i kost

Losji 79 358 kroner, Sjå kva for frådrag du kan få for losji

Desse kostnadene kan du deretter føre opp i felta for kost og losji i post 3.2.7 på skattemeldinga.

Dersom arbeidsgivar tilbyr kantine, messe eller kokkelag som serverer frukost, lunsj og middag, og eigenbetalinga minst svarar til marknadsprisen for slik mat, kan du få frådrag etter den lågaste satsen på 200 kroner per døgn.


Logg inn og fyll ut posten i skattemeldinga

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi spør. Dokumentasjon kan vere kvitteringar på opphaldet eller ei stadfesting frå arbeidsgivar om at du har budd på hotell.

Faktiske utgifter

Dersom du har større utgifter enn satsen, kan du krevje frådrag for dei faktiske utgiftene dine.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.