• Skriv ut
  • Nei, frukost er ikkje inkludert

Korleis føre dette i skattemeldinga?

Satsen er 710 kroner per døgn. Du må gonge talet døgn du søv på hotell med satsen. Beløpet legg du saman med alle beløpa du kan krevje i forhold til kost og losji, og summane fører du i post 3.2.7 i kost og losji-felta.

Døme: 

Du søv 200 døgn på hotell.

200 døgn X 710 kroner = 142 000 kroner i kost

Losji 79 358 kroner, Sjå kva frådrag du kan få for losji

Desse kostnadene kan du deretter føre opp i kost og losji-felta i post 3.2.7 i skattemeldinga

Dersom arbeidsgivar tilbyr kantine, messe eller kokkelag som serverer frukost, lunsj og middag, og eigenbetalinga minst svarar til marknadspris for slik mat, kan du få frådrag etter lågaste sats på 200 kroner per døgn.

Logg inn og fyll ut posten i skattemeldinga

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon viss vi spør. Dokumentasjon kan vere kvitteringar på opphaldet eller ein stadfesting frå arbeidsgivar om at du har budd på hotell.

Faktiske utgifter

Dersom du har større utgifter enn satsen, kan du krevje frådrag for dei faktiske utgiftene.

Andre frådrag du kan ha krav på:

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.