• Skriv ut
  • Ja, arbeidsgivar dekkjer meir enn 200 kroner

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Når arbeidsgivaren din dekkjer delar av utgiftene til kost, kan du berre krevjeOrd fra ordbok..for maksimalt 200 kroner dagen.

Du må gonge talet på døgn du sov borte med 200 kroner minus det arbeidsgivaren din har dekt. Beløpet legg du saman med alle beløpa du kan krevje frådrag for når det gjeld kost og losji, og summane fører du separat i post 3.2.7 i høvesvis kost- og losji-feltet.

Døme: 
Du søv 200 døgn på hotell. Arbeidsgivar har dekt utgiftene dine med 300 kroner per døgn.

 

200 døgn x 200 kroner som er maksimalt godkjent beløp =

40 000 kroner

-

200 døgn x 300 kroner som arbeidsgivar dekkjer =

60 000 kroner

=

 

- 20 000 kroner

Du har fått meir enn maksimalt frådrag, så du får ikkje frådrag for kost.

 

Kost

0 kroner

 

+

Losji

79 358 kroner

Sjå kva for frådrag du kan få for losji

=

Sum

79 358 kroner

 

Totalsummen, 79 358 kroner, skal i dette tilfellet førast opp i kost- og losjifelta i post 3.2.7 på skattemeldinga.

Logg inn og fyll ut posten i skattemeldinga

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje å dokumentere kost når du krev frådrag etter den lågaste satsen, 200 kroner per døgn.

Faktiske utgifter

Dersom utgiftene dine til kost er større enn det arbeidsgivaren din dekkjer, kan du krevje frådrag for underskotet.

Andre frådrag du kan ha krav på

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.