• Skriv ut
  • Ja

Korleis føre dette i skattemeldinga?

Satsen er 200 kroner per døgn. Du må gonge talet på døgn du sov i bustaden med satsen. Beløpet legg du saman med alle beløpa du kan krevje frådrag for når det gjeld kost og losji, og summen fører du i kost- og losjifelta i post 3.2.7.

Døme: Du søv 200 døgn i bustaden.

200 døgn X 200 kroner = 40 000 kroner i kost

  Kost 40 000 kroner  
+ Losji 0 kroner Du har ikkje krav på frådrag for losji når du bur heime hjå foreldra dine. Dette fordi du må ha meirkostnader, det vil seie doble utgifter til losji for å ha rett på frådrag.
= Sum  40 000 kroner

Totalsummen, i dette tilfellet 40 000 kroner, kan så vert ført opp i kostfeltet i post 3.2.7 i skattemeldinga.

Dersom arbeidsgivar tilbyr kantine, messe eller kokkelag som serverer frukost, lunsj og middag, og eigenbetalinga minst svarar til marknadsprisen for slik mat, kan du få frådrag etter den lågaste satsen på 200 kroner per døgn.

Logg inn og fyll ut posten i skattemeldinga 

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje å dokumentere utgifter til kost når du krevjer frådrag etter den lågaste satsen, 200 kroner per døgn. 

Faktiske utgifter

Dersom du har større utgifter enn satsen, kan du krevje frådrag for dei faktiske utgiftene dine.

Andre frådrag du kan ha krav på:

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.