• Skriv ut

Korleis føre dette i skattemeldinga?

Satsen er 315 kroner per døgn. Du må gonge talet på døgn du sov i bustaden med satsen. Beløpet legg du saman med alle beløpa du kan krevje frådrag for når det gjeld kost og losji, og summen fører du i kost- og losjifelta i post 3.2.7.

Døme: 

Du søv 200 døgn i bustaden.

200 døgn X 315 kroner = 63 000 kroner i kost

  Kost 63 000 kroner  
+ Losji 0 kroner Du har ikkje krav på frådrag for losji når du bur heime hjå forledra dine. Dette fordi du må ha meirkostnader, det vil seie doble utgifter til losji for å ha rett på frådrag.
= Sum 63 000 kroner  

Totalsummen, i dette tilfellet  63 000 kroner, kan du deretter føre opp i kost- og losjifelta i post 3.2.7 på skattemeldinga.

Dersom arbeidsgivar tilbyr kantine, messe eller kokkelag som serverer frukost, lunsj og middag, og eigenbetalinga minst svarar til marknadspris for slik mat, kan du få frådrag etter den lågaste satsen på 200 kroner per døgn.

Logg inn og fyll ut posten i skattemeldinga

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende inn dokumentasjonen, men du må kunne leggje den fram dersom vi spør. Du må kunne dokumentere:

  1. At du ikkje har hatt høve til å lage minst eitt måltid som frukost eller kvelds i bustaden, til dømes med ei stadfesting frå overnattingsstaden/utleigaren/arbeidsgivaren på dette.
  2. At du er busett i heimlandet ditt. Dette skal dokumenterast med ei stadfesting frå offentleg myndigheit på bustadadressa di og kven som er busett der.
  3. Standarden og arealet på bustaden, både for bustad i Noreg og i heimlandet. Dette kan du dokumentere med til dømes ein kjøpe- eller leigekontrakt som viser standarden og storleiken/arealet på bustaden. Arealet kan ein òg dokumentere ved hjelp av teikningar eller målingar av bustadene.

Dokumentasjonen frå det offentlege skal gjelde det aktuelle inntektsåret, ikkje vere eldre enn 6 månader og vere omsett til norsk eller engelsk av offentleg godkjende translatørar.

Faktiske utgifter

Dersom du har større utgifter enn satsen, kan du krevje frådrag for dei faktiske utgiftene dine.

Andre fradrag du kan ha krav på:

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.