• Skriv ut
  • Arbeidsgivar dekkjer alle utgiftene

Dersom arbeidsgivaren din dekkjer alle utgiftene, har du ikkje krav på frådrag.

Det kan hende du heller må betale skatt fordi du sparer pengar på at arbeidsgivaren din dekkjer kosten din.

Vi bereknar det skattemessige godet ditt ut ifrå kva arbeidsgivaren din rapporterer inn. Satsen for kostinnsparing er 87 kroner døgnet.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje å sende inn dokumentasjonen, men du må kunne leggje den fram dersom vi spør. Du må kunne dokumentere at du har familie i heimlandet, det vil seie:

  1. At du er gift og/eller har barn under 22 år. Dette vert dokumentert med vigselsattest og/eller fødselsattest.
  2. At du bur saman med familien i heimlandet. Dette vert dokumentert med stadfesting frå offentleg styringsmakt på familiens bustedsadresse.
  3. Dersom din ektefelle har inntekt under ½ G, kan du ha krav på å bli skattlagt i skatteklasse 2. Dette vert dokumentert med stadfesting som er utstedt frå offentleg styringsmakt i ditt heimland på din ektefelles inntekt for det aktuelle inntektsåret.

Dokumentasjonen frå det offentlege skal gjelde det aktuelle inntektsåret, ikkje vere eldre enn 6 månader og vere oversatt til norsk eller engelsk av offentleg godkjente translatørar.

Andre frådrag du kan ha krav på:

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.