• Skriv ut
  • Arbeidsgivar dekkjer delar av utgiftene

Når arbeidsgivaren din dekkjer delar av utgiftene dine til reise, må du trekkje frå desse. Du får kun frådrag for utgifter du dekkjer sjølv.

Du kan bruke pendlarkalkulatoren for å få vite kor stort reisefrådrag du kan ha krav på. Etter at du har funne reisefrådraget trekk du frå beløpet arbeidsgivaren din dekkjer.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje å sende inn dokumentasjonen, men du må kunne leggje den fram dersom vi spør. Du må kunne dokumentere at du har familie i heimlandet, det vil seie:

  1. At du er gift og/eller har barn under 22 år. Dette vert dokumentert med vigselsattest og/eller fødselsattest.
  2. At du bur saman med familien i heimlandet. Dette vert dokumentert med stadfesting frå offentleg styringsmakt på familiens bustedsadresse.
  3. Dersom din ektefelle har inntekt under ½ G, kan du ha krav på å bli ligna i skatteklasse 2. Dette vert dokumentert med stadfesting som er utstedt frå offentleg styringsmakt i ditt heimland på din ektefelles inntekt for det aktuelle inntektsåret.

Dokumentasjonen frå det offentlege skal gjelde det aktuelle inntektsåret, ikkje vere eldre enn 6 månader og vere oversatt til norsk eller engelsk av offentleg godkjente translatørar.

Andre frådrag du kan ha krav på:

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.