• Skriv ut
  • Nei, arbeidsgivar dekkjer ikkje meir enn 200 kroner

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Når arbeidsgivaren din dekkjer delar av utgiftene til kost, kan du berre få rfådrag for maksimalt 200 kroner dagen.

Du må gonge talet på døgn du sov borte med 200 kroner minus det arbeidsgivaren din har dekt. Beløpet legg du saman med alle beløpa du kan krevje frådrag for når det gjeld kost og losji, og summen fører du i felta for kost og losji i post 3.2.7.

Døme: 
Du søv 200 døgn på hotell. Arbeidsgivar har dekt utgiftene dine med 100 kroner per døgn.

Du kan då få 200 kroner - 100 kroner som arbeidsgivaren din dekkjer = 100 kroner i kost per døgn

200 døgn X 100 kroner = 20 000 kroner i kost

Losji 79 358 kroner, Sjå kva for frådrag du kan få for losji

Desse kostnadene kan i dette tilfellet førast opp i kost- og losjifeltet i post 3.2.7 på skattemeldinga.

Dersom arbeidsgivar tilbyr kantine, messe eller kokkelag som serverer frukost, lunsj og middag, og eigenbetalinga minst svarar til marknadsprisen for slik mat, kan du få frådrag etter den lågaste satsen på 200 kroner per døgn.

Logg inn og fyll ut posten i skattemeldinga

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje dokumentere for kost når du krev frådrag etter den lågaste satsen, 200 kroner per døgn.

Faktiske utgifter

Dersom utgiftene dine til kost er større enn det arbeidsgivaren din dekkjer, kan du krevje frådrag for underskotet.

Andre frådrag du kan ha krav på

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.