• Skriv ut
  • Ja, arbeidsgivar dekkjer meir enn 200 kroner

Korleis føre dette i skattemeldinga?

Når arbeidsgivaren din dekkjer delar av utgiftene til kost, kan du berre krevje frådrag for maksimalt 200 kroner dagen.

Du må gange antall døgn du søv borte med 200 kroner minus det arbeidsgivaren din har dekt. Beløpet legg du saman med alle beløpa du kan krevje frådrag for i forhold til kost og losji, og summane fører du i kost- og losjifelta i post 3.2.7.

Døme:

Du søv 200 døgn på hotell. Arbeidsgivar har dekt utgiftene dine med 300 kroner per døgn.

  200 døgn x 200 kroner som er maksimalt godkjent beløp = 40 000 kroner
- 200 døgn x 300 kroner som arbeidsgivar dekkjer = 60 000 kroner
=   - 20 000 kroner

Du har fått meir enn maksimalt frådrag, så du får ikkje frådrag for kost

  Kost 0 kroner  
+ Losji 79 358 kroner Sjå kva slags frådrag du kan få for losji
= Sum 79 358 kroner  

Totalsummen, i dette tilfellet 79 358 kroner, vert ført i losjifeltet i post 3.2.7 i skattemeldinga.

Logg inn og fyll ut posten i skattemeldinga

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje å dokumentere kost når du krevjer frådrag etter lågaste sats, 200 kroner per døgn.

Faktiske utgifter

Viss utgiftene dine til kost er større enn det arbeidsgivaren din dekkjer, kan du krevje frådrag for underskuddet.

Andre frådrag du kan ha krav på:

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.