• Skriv ut
  • Nei, arbeidsgivar dekkjer ikkje meir enn 200 kroner

Korleis føre dette i skattemeldinga?

Når arbeidsgivaren din dekkjer delar av utgiftene til kost, kan du berre få frådrag for maksimalt 200 kroner dagen.

Du må gange antall døgn du søv borte med 200 kroner minus det arbeidsgivaren din har dekt. Beløpet legg du saman med alle beløpa du kan krevje frådrag for i forhold til kost og losji, og summane fører du i kost- og losjifelta i post 3.2.7.

Døme: Du søv 200 døgn på hotell. Arbeidsgivar har dekt utgiftene dine med 100 kroner per døgn.

Du kan då få 200 kroner - 100 kroner som arbeidsgivaren din dekkjer = 100 kroner i kost per døgn

200 døgn X 100 kroner = 20 000 kroner i kost

  Kost 20 000 kroner  
+ Losji 79 358 kroner Sjå kva slags frådrag du kan få for losji
       

Desse kostnadene kan vert ført i kost- og losjifelta i post 3.2.7 på skattemeldinga.

Dersom arbeidsgivar tilbyr kantine, messe eller kokkelag som serverer frukost, lunsj og middag, og egenbetalinga minst svarer til marknadspris for slik mat, kan du få frådrag etter lågaste sats på 200 kroner per døgn.

Logg inn og fyll ut posten i skattemeldinga

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje å dokumentere for kost når du krevjer frådrag etter lågaste sats, 200 kroner per døgn.

Faktiske utgifter

Viss utgiftene dine til kost er større enn det arbeidsgivaren din dekkjer, kan du krevje frådrag for underskotet.

Andre frådrag du kan ha krav på:

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.