• Skriv ut
  • Ja, frukost er inkludert

Korleis føre dette i skattemeldinga?

Satsen er 568 kroner per døgn. Du må gange antall døgn du søv på hotell med satsen. Beløpet legg du saman med alle beløpa du kan krevje frådrag for i forhold til kost og losji, og summane førar du i post 3.2.7.

 

Døme: 

Du søv 200 døgn på hotell.

200 døgn X 568 kroner = 113 600 kroner i kost

 

Kost

113 600 kroner

 

+

Losji

79 358 kroner

Sjå kva slags frådrag du kan få for losji

=

Sum

192 958  kroner

 

Desse kostnadene vert ført opp i post 3.2.7 i skattemeldinga.

Dersom arbeidsgivar tilbyr kantine, messe eller kokkelag som serverar frukost, lunsj og middag, og egenbetalinga minst svarer til marknadspris for slik mat, kan du få frådrag etter lågaste sats på 200 kroner per døgn.

Logg inn og fyll ut posten i skattemeldinga

 

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon viss vi spør. Dokumentasjon kan vere kvitteringar på opphaldet eller ei stadfesting frå arbeidsgivar om at du har budd på hotell.  

Faktiske utgifter

Dersom du har større utgifter enn satsen, kan du krevje frådrag for dine faktiske utgifter.

 

Andre frådrag du kan ha krav på:

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.