• Skriv ut
  • Ja

Korleis føre dette i skattemeldinga?

Satsen er 200 kroner per døgn. Du må gange antall døgn du søv i bustaden med satsen. Beløpet legg du saman med alle beløpa du kan kreve frådrag for i forhold til kost og losji, og summane fører du i kost- og losjifelta i post 3.2.7.

Døme: 

Du søv 200 døgn i bustaden.

200 døgn X 200 kroner = 40 000 kroner i kost

  Kost 40 000 kroner  
+ Losji 79 358 kroner  Sjå kva slags frådrag du kan få for losji 
       

Desse kostandene vert ført opp i kost- og losjifelta i post 3.2.7 i skattemeldinga.

Dersom arbeidsgivar tilbyr kantine, messe eller kokkelag som serverer frukost, lunsj og middag, og egenbetalinga minst svarer til marknadspris for slik mat, kan du få frådrag etter lågaste sats på 200 kroner per døgn.

Logg inn og fyll ut posten i skattemeldinga

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon, men du må kunne leggje den fram viss vi spør. Du må kunne dokumentere:

  1. Du treng ikkje å dokumentere utgifter til kost når du krevjer frådrag etter lågaste sats, 200 kroner per døgn.
  2. At du er gift og/eller har barn under 22 år. Dette vert dokumentert med vigselsattest og/eller fødselsattest.
  3. At du bur saman med familien i heimlandet. Dette vert dokumentert med stadfesting frå offentleg styringsmakt på familiens bustedsadresse.
  4. Dersom din ektefelle har inntekt under ½ G, kan du ha krav på å bli ligna i skatteklasse 2. Dette vert dokumentert med stadfesting som er utstedt frå offentleg styringsmakt i ditt heimland på din ektefelles inntekt for det aktuelle inntektsåret.

Dokumentasjonen frå det offentlege skal gjelde det aktuelle inntektsåret, ikkje vere eldre enn 6 månader og vere oversatt til norsk eller engelsk av offentleg godkjente translatørar.

Faktiske utgifter

Viss du har større utgifter enn satsen, kan du krevje frådrag for dine faktiske utgifter.

Andre frådrag du kan ha krav på:

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.