• Skriv ut
  • Nei

Korleis føre dette i skattemeldinga?

Satsen er 315 kroner per døgn. Du må gange antall døgn du søv i bustaden med satsen. Beløpet legg du saman med alle beløpa du kan krevje frådrag for i forhold til kost og losji, og summane fører du i kost- og losjifelta i post 3.2.7.

Døme:  Du søv 200 døgn i bustaden.

200 døgn X 315 kroner = 63 000 kroner i kost

  Kost 63 000 kroner  
+ Losji 79 358 kroner Sjå kva slags frådrag du kan få for losji
       

Desse kostnadene vert ført opp i kost- og losjifelta i post 3.2.7 på skattemeldinga.

Dersom arbeidsgivar tilbyr kantine, messe eller kokkelag som serverer frukost, lunsj og middag, og egenbetalinga minst svarer til marknadspris for slik mat, kan du få frådrag etter lågaste sats på 200 kroner per døgn.

Logg inn og fyll ut posten i skattemeldinga

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon, men du må kunne leggje den fram viss vi spør. Du må kunne dokumentere:

  1. At du ikkje har hatt mogelegheit til å lage minst eitt måltid som frukost eller kvelds i bustaden, til dømes ved ei stadfesting frå overnattingssted/utleigar/arbeidsgivar på dette.
  2. At du er busatt i heimlandet ditt. Dette vert dokumentert med stadfesting frå offentleg styringsmakt på din bustedsadresse og kven som er busett der.
  3. Bustadens standard og areal, både for bustad i Noreg og i heimlandet. Dette vert dokumentert med til dømes kjøpe- eller leigekontrakt som viser bustadens standard og størrelse/areal. Areal kan også vert dokumentert med tegninger eller målinger av bustadene.

Dokumentasjonen frå det offentlege skal gjelde det aktuelle inntektsåret, ikkje vere eldre enn 6 månader og vere oversatt til norsk eller engelsk av offentleg godkjente translatørar.

Faktiske utgifter

Viss du har større utgifter enn satsen, kan du kreve frådrag for dine faktiske utgifter.

 

Andre frådrag du kan ha krav på:

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.