• Skriv ut
  • Eigd bustad

Dersom du eiger bustaden som vert brukt som pendlarbustad kan du krevje frådrag for kostnader til faste utgifter som til dømes kommunale avgifter, straum, fellesutgifter dersom bustadbyggelag (renteutgifter då desse vert rapportert direkte), forsikring og vedlikehald. Utgifter til lån og renter kan ikkje tas med. Frådrag for losji vert gitt etter faktiske kostnader.

Dersom delar av pendlarbustaden leiges ut eller bustaden berre vert brukt som pendlarbustad delar av året, får du berre frådrag for den tida du har brukt bustaden sjølv.

Du kan også få frådrag for utgifter til parkering i knytt til pendlarbustaden.

Utgifter til telefon og bredbandsabonnement i pendlarbustaden inngår i statens satsar for kost/småutgifter.

Korleis føre dette i skattemeldinga?

Dersom arbeidsgivaren din dekkjer delar av utgifta dine til losji, får du berre frådrag for dei utgifta du har betalt sjølv. Beløpet for losji legg du saman med alle beløpa du kan krevje frådrag for i forhold til kost og losji, og summane fører du i kost- og losjifelta i post 3.2.7. Det er lurt å leggje saman alle utgifta før du fører frådraga.

Døme:

  Fellesutgifter 6 000 kroner x 12 månader 72 000 kroner
+ Utgifter til straum 7 500 kroner
+ Utgifter til forsikring 4 000 kroner
+ Utgifter til vedlikehald 4 000 kroner
+ Utgifter til leige av garasje 12 000 kroner
- Det arbeidsgivaren din dekkjer 40 000 kroner
= Sum utgifter til losji 59 500 kroner
  Kost 44 160 kroner  
+ Losji 59 500 kroner Sjå kva slags frådrag du kan få for kost
       

Desse kostnadene vert ført i kost- og losjifelta i post 3.2.7 i skattemeldinga.

Logg inn og fyll ut posten i skattemeldinga

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon viss vi spør. Husleige dokumenterer du til dømes med bankkvittering/lønnslipp når samla utgift per år er over 10 000 kroner.

Andre frådrag du kan ha krav på:

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.