• Skriv ut
  • Hotell

Dersom du må bu på hotell kan du krevje frådrag for utgiftene du sjølv dekkjer. Frådrag for losji blir gitt etter faktiske kostnader. Dersom bu-utgiftene overstig 10 000 kroner i året, må du betale via bank eller ved å trekkje i lønna for ha rett på frådrag.

Utgifter til telefon og breibandsabonnement i samband med det å bu på hotell inngår i staten sine satsar for kost/småutgifter.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Beløpet for losji legg du saman med alle beløpa du kan krevje frådrag for i høve til kost og losji, og summen fører du i kost- og losjifelta i post 3.2.7.

Døme:
Utgifter til hotell 6 000 kroner x 6 månader = 36 000 kroner til losji

134 000 kroner kost, Sjå kva for frådrag du kan få for kost

Desse kostnadene kan i dette tilfellet førast opp i kost- og losjifelta i post 3.2.7 på skattemeldinga.

Logg inn og fyll ut posten i skattemeldinga

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi spør. Utgifter til overnatting på hotell dokumenterer du til dømes med bankkvittering/lønnsslipp for betalt hotellovernatting når den samla utgifta per år er over 10 000 kroner.

Andre frådrag du kan ha krav på

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.