Frådrag for faktiske utgifter

  • Skriv ut

Velger du å krevje frådrag for dine faktiske utgifter til kost, får du ikkje frådrag etter sats. Du kan med andre ord ikkje velge begge deler.

Korleis føre dette i skattemeldinga?

I tillegg til kost, kan du krevje frådrag for utgiftane dine til losji. Beløpa leggjer du sammen, og totalsummen fører du i post 3.2.7.

Kostbesparelse i heimen

Når du krevjer frådrag for kost etter faktiske utgifter, så må du trekkje frå ein sum på 87 kroner per døgn fordi du du har mindre utgifter til mat heime. Summen på 87 kroner er statens sats for kostbesparelse i heimen i 2016.

Eksempel:

Du har i løpet av pendlarperioden opphaldt deg i pendlerboligen tilsaman 200 døgn.

  Du har faktiske utgifter til kost på 52 000 kroner
- kostbesparelse i heimen 200 døgn x 87 kroner 17 400 kroner
= Sum 34 600 kroner i kost
  Kost 34 600 kroner  
+ Losji 79 358 kroner Sjå kva slags frådrag du kan få for losji
= Sum 113 958 kroner  

Summen, 113 958 kroner, kan du i dette tilfellet føre opp i post 3.2.7 i skattemeldinga.

Dokumentasjonskrav

Velger du å føre frådrag for kost etter faktiske kostnader er det krav at du kan dokumentere dine utgifter til kost med kvitteringer, bilag og lignande. Du treng ikkje å sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon viss vi spør.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.