• Skriv ut
  • Nei, frukost er ikkje inkludert

Korleis føre dette i skattemeldinga?

Satsen er 710 kroner per døgn. Du må gange antall døgn du søv på hotell med satsen. Beløpet legg du saman med alle beløpa du kan krevje i forhold til kost og losji, og summane fører du i kost- og losjifelta i post 3.2.7.

Døme: Du søv 200 døgn på hotell.

200 døgn X 710 kroner = 142 000 kroner i kost

  Kost 142 000 kroner  
+ Losji 79 358 kroner Sjå kva slags frådrag du kan få for losji
       

Desse kostnadene vert ført i kost- og losjifelta i post 3.2.7 i skattemeldinga.

Dersom arbeidsgivar tilbyr kantine, messe eller kokkelag som serverer frukost, lunsj og middag, og egenbetalinga minst svarer til marknadspris for slik mat, kan du få frådrag etter lågaste sats på 200 kroner per døgn.

Logg inn og fyll ut posten i skattemeldinga

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon viss vi spør. Dokumentasjon kan vere kvitteringar på opphaldet eller ei stadfesting frå arbeidsgivar om at du har budd på hotell.

Faktiske utgifter

Vias du har større utgifter enn satsen, kan du krevje frådrag for dine faktiske utgifter.

Andre frådrag du kan ha krav på:

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.