Kva for frådrag kan eg krevje når eg blir rekna som pendlar?

Krev du standardfrådrag for utanlandsk arbeidstakar, kan du ikkje krevje ytterlegare frådrag.

Har du sjølv betalt kostnadene, og ikkje krev standardfrådrag for utanlandsk arbeidstakar, kan du krevje frådrag for:

  • Besøksreiser til heimen. Reglane om reisefrådrag er ulike avhengig av om du reiser til ein heim innanfor eller utanfor EU/EØS-området, sjå nedanfor. 
  • Det du har betalt for losji (leigekostnader). Du må kunne leggje fram kvitteringar for beløpa. 
  • Meirutgifter til kost etter standardsatsar som kvart år blir fastsett av Skatteetaten. For 2016 er satsen kroner 200 per døgn. Er det ikkje mogeleg å koke mat der du bur, er satsen kr 307 per døgn. 

Har arbeidsgivaren din dekt delar av kostnadene, kan du berre krevje frådrag for dei kostnadene du sjølv har dekt. Har du til dømes fri bustad i Noreg som er dekt av arbeidsgivar, kan du krevje frådrag for kost og besøksreiser.

Pendlar du til ein heim innanfor EU/EØS-området, blir reisefrådraget rekna ut etter ein sats per kilometer. Talet på km fastset ein etter den kortaste reisestrekninga av veg og distanse med rutegåande transportmiddel bortsett frå fly, mellom bustaden i Noreg og bustaden i heimlandet. Du må kunne dokumentere/sannsynleggjere talet på reiser. For 2016 er satsen kr 1,50 per km for inntil 50 000 km per år. For tal kilometer som overstig 50 000 km er satsen kr 0,70 per km. Du kan i tillegg krevje frådrag for faktiske kostnader til bompengar og ferje for den delen av beløpet som overstig kr. 3 300 for heile året. For ferjestrekninga kan du velje å krevje avstandsfrådrag i staden for faktiske kostnader.

Det blir ikkje gitt avstandsfrådrag for den delen av den samla årlege reisestrekninga som overstig 75 000 kilometer. Krev du avstandsfrådrag etter kilometersats, kan du dermed ikkje få høgare årleg frådrag enn kroner 92 500 ((50 000 km x kr 1,50) + (25 000 km x kr 0,70)) - kroner 22 000 (botnfrådrag). Maksimalt avstandsfrådrag blir dermed kr 70 500. Du kan krevje frådrag for faktiske kostnader til bom og ferje i tillegg.

Krev du frådrag for faktiske kostnader til flyreise og i tillegg krev avstandsfrådrag for delar av reisa, er det berre den delen av reisa som det blir kravd avstandsfrådrag for som inngår i avgrensinga på 75 000 kilometer.

Pendlar du til heimen utanfor EU/EØS-området gjeld ikkje reglane om avstandsfrådrag. I staden kan du få frådrag for dokumenterte kostnader dersom du brukar andre transportmiddel enn privatbil. Kan du dokumentere bruk av privatbil til heimreisene, kan du krevje frådrag for utgiftene etter kilometersatsane som nemnd ovanfor. Avgrensinga til 75 000 kilometer gjeld også her. Frådraget kan høgst vere kroner 70 500 (maksimalt frådrag kroner 92 500 - kroner 22 000 (botnfrådrag)