Kva skal eg skattleggjast for når arbeidsgivar har dekt alle kostnadene, også besøksreiser til heimlandet?

Har arbeidsgivaren din dekt pendlarutgifter, er fordelen ved dette skattefri, såframt at du ville hatt krav på frådrag for utgiftene dersom du hadde dekt dei sjølv. Det same gjeld motteken godtgjersle som ikkje overstig satsane for frådrag. Berre eit eventuelt overskot på godtgjersla skal skattleggjast som lønn. I den oppgåva du får frå arbeidsgivaren din er dette gitt opp som ikkje skattepliktig godtgjersle. Dette blir kalla «nettometoden».

Har arbeidsgivaren din dekt alle kostnadene til kost, anten etter rekning eller ved fri kost, og du tek imot dette skattefritt, skal du skattleggjast for «kostinnsparing i heimen». For 2016 er satsen for dette kr 87 per døgn. Det er teke om syn til kostinnsparing i frådragssatsane.

Har du skattekort som føreset at du skal ha standardfrådrag for utanlandsk arbeidstakar, skal arbeidsgivaren din trekkje skatt av den fordelen du har ved å få dekt pendlarutgiftene dine. Også i andre tilfelle kan arbeidsgivaren behandle godtgjersla som trekkpliktig godtgjersle. Desse beløpa skal då førast opp som skattepliktig godtgjersle i den oppgåva du får frå arbeidsgivaren din. Dette blir kalla «bruttometoden».

Når du fyller ut skattemeldinga må du velje om du vil skattleggjast etter «nettometoden» eller «bruttometoden». Du kan velje uansett kva for metode arbeidsgivaren har brukt.

Har arbeidsgivaren ført opp godtgjersla som skattepliktig godtgjersle, kan du likevel velje nettometoden.

Det vil seie at du må endre beløpet i skattemeldinga slik at berre eit eventuelt overskot på godtgjersla er skattepliktig inntekt. Har godtgjersla gitt underskot kan du trekkje frå dette. Vel du «nettometoden», kan du ikkje krevje standardfrådrag for utanlandsk arbeidstakar.

Er det gunstigare for deg å få standardfrådrag for utanlandsk arbeidstakar, kan du velje å bli skattlagt for fordelen ved at arbeidsgivar har dekt kostnadene og/eller for motteken godtgjersle (bruttometoden). Då må du forhøgje inntekta du fører i skattemeldinga med denne fordelen. Er posten førehandsutfylt i skattemeldinga, må du rette den oppførte inntekta. Du må då også føre opp standardfrådrag for utanlandsk arbeidstakar.

Kva er skilnaden på nettometoden og bruttometoden?

Nettometoden inneber at godtgjersla og/eller fordelen ved at arbeidsgivaren dekkjer kostnadene direkte, verken er med i bruttoinntekta (personinntekta) eller i nettoinntekta (alminneleg inntekt).

Eit eventuelt overskot på godtgjersle er skattepliktig. Det same gjeld tillegg for kostinnsparing i heimen. Du kan krevje frådrag for eit eventuelt underskot på motteken godtgjersle.

Bruttometoden inneber at godtgjersla og/eller fordelen ved at arbeidsgivaren dekkjer kostnadene direkte er med i bruttoinntekta (personinntekta). Du kan då krevje standardfrådrag for utanlandsk arbeidstakar.