Pendling

Dersom du på grunn av arbeidet ditt må bu utanfor heimen din og besøkjer denne heimen regelmessig, seier vi at du er «pendlar». Då kan du ha krav på frådrag for meirutgiftene dette fører til for deg, dvs. ekstra utgifter til kost, bustad og reiseutgifter når du besøkjer heimen i utlandet. Dette kallar vi «pendlarutgifter».

Arbeidstakar som pendlar frå heimen sin i utlandet

Du må ha heimen din i utlandet for å kunne krevje pendlarfrådrag.

Familiependlar 

Du blir rekna som pendlar når du har felles heim med barn og/eller ektefelle som bur i heimlandet ditt. Du må kunne leggje fram ein vigsel- eller fødselsattest som stadfestar familieforholdet. I tillegg må du kunne leggje fram dokumentasjon på felles bustadadresse i heimlandet. Ein krev vanlegvis òg at du har tre til fire heimreiser med overnatting i året. 

Einsleg (ugift) pendlar 

Du blir rekna som einsleg pendlar når du ikkje er familiependlar. Er du sambuar, blir du rekna som einsleg i denne samanhengen. Bur du i tillegg saman med eigne barn, blir du derimot rekna som familiependlar.

Er du einsleg, blir det stilt andre krav for at du kan reknast som pendlar. Einslege blir rekna som busette der dei har «sjølvstendig bustad». Har du sjølvstendig bustad i Noreg, blir du rekna som busett i Noreg og får ikkje frådrag for utgifter ved besøk i heimlandet.

Bustaden i Noreg blir rekna som sjølvstendig når:

  • du disponerer han i minst 12 månader og du har tilgang på han alle dagar i veka • buarealet er minst 30 kvm. Dersom det bur fleire personar i bustaden, er kravet ytterlegare 20 kvm for kvar bebuar over 15 år. 
  • han har innlagt vatn og avløp. 

Når du er einsleg kan du krevje frådrag for pendlarutgifter når du pendlar til heimen din i utlandet og desse krava er oppfylte:

  • du har ikkje sjølvstendig bustad i Noreg 
  • du har sjølvstendig bustad i heimlandet, eller er under 22 år ved utgangen av inntektsåret og pendlar til foreldra dine 
  • du reiser heim kvar tredje veke. Sjeldnare heimreiser kan godtakast når særlege grunnar talar for det, til dømes ved sjukdom eller dårleg økonomi. 

Du må i tillegg dokumentere bustadadressa i utlandet.

Er du under 22 år ved utgangen av inntektsåret og pendlar til foreldreheimen, må du kunne dokumentere familietilknytinga med fødselsattest. I tillegg må du kunne leggje fram dokumentasjon på felles bustadadresse i utlandet og kunne sannsynleggjere talet på reiser mellom bustaden i heimlandet og bustaden i Noreg. Vanlegvis er det nok at du reiser heim kvar sjette veke. 

Du kan òg reknast som pendlar sjølv om bustaden i Noreg blir rekna som sjølvstendig. Krava er då at:

  • du har vore registrert som busett på den same staden (kommunen) i heimlandet i tre år 
  • du ikkje leigar ut bustaden i heimlandet 
  • bustaden i Noreg ikkje er større enn halvparten av bustaden i heimlandet (buareal).