Delingsøkonomi

  • Skriv ut

Delingsøkonomi er ei forretningsmodell der privatpersonar sel tenester eller leiger ut eigedelar direkte eller ved hjelp av formidlingsselskap.

Forretningsmodellane i delingsøkonomien byggjer ofte på å gjere det enkelt å leige ut eigedelar som er ubrukte det meste av tida. Somme delingsmodellar baserer seg på andre motytingar enn pengar. Det vil seie at det berre er tenester involvert, og ikkje pengar. Korleis stiller det seg skattemessig, når ytingar og motytingar blir utlikna? Kva det har å seie for din skatt er avhengig av kva form for delingsøkonomi det gjeld:

Kvar går grensa mellom hobby og verksemd?

Grensa mellom hobby og verksemd er ikkje klart definert. Sjå Skatte-ABC for meir informasjon. Om du er usikker kan du kontakte oss via epost. For å slå fast om det er tale om hobby eller verksemd må ein vurdere konkret om aktiviteten som blir utført:

  • bli drive for eiga rekning og risiko
  • har eit visst omfang
  • er eigna til å gå med overskot over tid
  • tek sikte på å vare ei viss stund

Ulovleg inntekt?

SPØRSMÅL: Kva om det er uavklart om ei verksemd er lovleg eller ikkje? Kan verksemda skattleggjast når ho anten er klart ulovleg eller den juridiske statusen er uavklart?

SVAR: Også ulovleg inntekt er skattepliktig. Ulovleg verksemd på grunn av manglande løyve i eit offentleg reguleringssystem gir ikkje rett til skattefritak, jf. Brev frå Finansdepartementet til Skattedirektoratet av 8. september i Utv. 1999/200, der det òg går fram at «gitt at de alminnelige skattepliktsvilkår ellers er oppfylt, må en kunne stille opp en hovedregel om skatteplikt uansett en fordel større eller mindre sammenheng med ulovlige handlinger.»

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.