Deling av bil og samkjøring

  • Skriv ut

Utleige av bil

Når du også brukar bilen din privat og utleigeinntekta er maksimalt 10 000 kroner i året, skal du ikkje betale skatt av utleiga. Det er det same om utleiga skjer privat eller gjennom ein formidlar (applikasjon eller nett-teneste som nabobil.no, gomore.com, o.l.).

Dersom utleigeinntekta er over 10 000 kroner skal denne rapporterast i sjølvmeldinga.

Persontransport

Samkøyring av bil

Du skal ikkje betale skatt dersom du driv persontransport, men føremålet er berre å få dekt sjølvkost (utgifter til bensin o.l.). Slik køyring blir i utgangspunktet ikkje rekna som verksemd.

Du skal betale skatt dersom det blir ytt tips for køyringa som i realiteten er ei betaling for turen. Då er det skattepliktig inntekt. Dersom du driv persontransport må ein vurdere om aktiviteten er skattepliktig verksemd. Skattemessig er spørsmålet om køyringa er skattepliktig verksemd eller skattefri hobby. Sjå Skatte-ABC for meir informasjon. Om du er usikker kan du kontakte oss via epost.

For å slå fast om det er tale om hobby eller verksemd må ein vurdere konkret om aktiviteten som blir utført:

• blir drive for eiga rekning og risiko
• har eit visst omfang
• er eigna til å gå med overskot over tid
• tek sikte på å vare ei viss stund

Er du i tvil, kontaktar du ditt nærmaste skattekontor eller ringjer oss på telefon 800 80 000.

Avskriving og vedlikehald

SPØRSMÅL: Korleis er avskrivingsreglane når deling av bil er næring? Kan ein skrive av verdien på bilen på skatten heilt eller delvis?

SVAR: I næring må ein aktivere og saldoavskrive bilen (ikkje direkte frådragsføring). Satsen for saldoavskriving er på 20 % per år, men ein kan gjere ei startavskriving på 30 % det første året.

SPØRSMÅL: Kva med utgifter til vedlikehald og verdireduksjon?

SVAR: Vedlikehald kan ein føre til frådrag, i tillegg til til dømes drivstoff, olje og forsikringar. Verdireduksjon kjem inn under reglane om saldoavskriving. Dersom bilen òg blir brukt privat skal det bereknast ein fordel for privat bruk som reduserer frådraget ("tilbakeføring for privat bruk"). Frådrag er uansett berre aktuelt dersom inntekta er skattepliktig.

Kva når deling av bil blir hovudinntekta mi?

SPØRSMÅL: Dersom eg satsar på å gjere Uber-køyring (eller liknande tenester) til hovudinntekt, kva for faktorar skal eg ta med i rekneskapen skattemessig sett?

SVAR: Skal du gjere Uber-køyring til hovuderverv må du følgje dei alminnelege skatte- og rapporteringsreglane som gjeld for næringsdrivande. Utgangspunktet er då at inntektene frå køyringa er skattepliktige frå første krone, og kostnadene knytt til køyring gir rett til frådrag. Du får frådrag for drivstoff, forsikring, årsavgift o.a. etter vanlege reglar. Bruker du bilen også privat, blir frådraget redusert. 

Du må levere sjølvmelding for næringsdrivande. Du slepp å levere næringsoppgåve i tillegg dersom omsetninga er under 50 000 kroner.

Finn ut kva for type sjølvmelding for næringsdrivande som er aktuell for deg:

 Eg er næringsdrivande – kan eg bruke Næringsrapport skatt?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.