Merverdiavgift - salg av varer eller tjenester i forhold til delingsøkonomi

  • Skriv ut

Den som driv med sal av varer eller tenester i eit visst omfang, skal berekne og betale meirverdiavgift av salet.

Dette gjeld òg privatpersonar innanfor delingsøkonomien som driv med sal av tenester, til dømes utleige av eigedelar (men sjå nedanfor om utleige av bustad).

For at meirverdiavgift skal bli ei aktuell problemstilling, må verksemda ha eit slikt omfang at ho kan kallast næringsverksemd. Kravet til næringsverksemd inneber at aktiviteten må ha ei viss varigheit og eit visst omfang, vere eigna til å gi økonomisk overskot i overskodeleg framtid og drivast for eigaren si eiga rekning og risiko.

Vurderinga liknar næringsvurderinga på skatteområdet, og den informasjonen som er gitt for skatt, til dømes om grensa mellom hobby og verksemd, kan i utgangspunktet leggjast til grunn for vurderinga når det gjeld meirverdiavgift. Det kan i einskilde tilfelle vere vanskeleg å vurdere kvar grensa skal gå. Om du er usikker kan du kontakte oss via epost. Vi kan òg vise til Rettleiing for næringsdrivande.

På eit punkt skil vurderinga for meirverdiavgift seg frå skatt:

For meirverdiavgift er det eit krav om at omsetninga må ha overstige 50 000 kroner i løpet av ein periode på 12 månader før plikta til å registrere seg tek til å gjelde. Treng du meir informasjon om korleis denne grensa skal bereknast, viser vi til Registrering i meirverdiavgiftsregisteret.

Utleige av bustad

Utleige av bustad (hus, leilegheit, enkeltrom) blir rekna som utleige av fast eigedom, og dette er ei utleigeteneste som er unnateken frå plikta til å berekne og betale meirverdiavgift.

Det vil seie at du kan leige ut bustad utan å tenkje på plikta til å betale meirverdiavgift, sjølv om du tener meir enn kroner 50 000 i løpet av ein 12-månaders periode.

Frå dette utgangspunktet gjeld eit viktig unnatak:

Dersom det har eit omfang og er av ein slik karakter at det liknar på hotellverksemd, eller gjeld utleige av fritidseigedom (hytter og ferieleilegheiter), er det likevel plikt til å berekne meirverdiavgift. Denne vurderinga kan vere vanskeleg, og vi tilrår at du tek kontakt med skattekontoret for å få meir informasjon.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.