Tenester og motytingar

  • Skriv ut

Somme delingsmodellar baserer seg på andre motytingar enn pengar. Det vil seie at det berre er tenester involvert, og ikkje pengar.

SPØRSMÅL: Korleis stiller det seg skattemessig, når ytingar og motytingar blir utlikna? (Eg legg tak i ditt hus, du set inn nye vindauge i mitt hus). Skal ytingane bereknast i pengeverdi, og deretter skattleggjast begge partar?

SVAR: Det har ingenting å seie om ein får fordelane i form av pengar eller naturalinntekter. Dersom vilkåra elles er oppfylte, er alle fordelar vunne ved arbeid, kapital eller verksemd som skattepliktig inntekt.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.