Utleige av bustad og fritidsbustad

  • Skriv ut

Dersom du brukar minst halvparten av bustaden du eig til eige bruk, utrekna etter utleigeverdi, er det skattefritt å leige ut resten. Leiger du ut meir enn halvparten av din eigen bustad, men for under 20 000 kr i året er det òg skattefritt. Skattefri utleige av eigen bustad kallar vi fritaksbehandling. Meir om skatt på utleige. Om du er usikker kan du kontakte oss via e-post.

Leiger du ut heile eller meir enn halvparten av din eigen bustad for over 20 000 kroner i året er alle leigeinntektene for heile året skattepliktige (rekneskapsbehandling). Dette gjeld òg eventuelle utleigeinntekter som elles ville ha vore skattefrie.

Ved rekneskapsbehandling må du levere RF-1189 "Utleige m.m. av fast eigedom" saman med skattemeldinga. I skjemaet skal du gi ei oversikt over inntekter og utgifter knytte til utleigetilhøvet.  Netto inntekt skal førast i skattemeldinga post 2.8.2.

Med "større del" meiner vi at utleigeverdien av den delen du leiger ut er høgare enn utleigeverdien av den delen du brukar til eigen bustad. 

Leiger du ut ein "mindre del", altså der utleigeverdien av den delen du leiger ut er lågare enn utleigeverdien på den delen du brukar til eigen bustad, skal du ikkje betale skatt.

SPØRSMÅL: Når det står "Overstig utleigeinntektene 20 000 kroner, blir alle utleigeinntektene frå bustaden skattepliktige" er det uklart for meg om dette då inkluderer utleigeinntekter frå utleige av ein mindre del av bustaden? Sei at eg har leigd ut ein mindre del av bustaden for 15 000, og ein større del av bustaden for 25 000. Blir det totale skattepliktige beløpet då 40 000 eller 25 000?

SVAR: Det totale skattepliktige beløpet blir då kr 40 000.

Sjå også Skatte-ABC og Skattedirektoratet sin prinsipputtale av 5. februar 2016 om skatteplikt ved utleige av overnattingsstad som blir formidla via ein nettbasert marknadsplass om du ønskjer meir informasjon. 

Utleige av sekundærbustad

Utleige av sekundærbustad er skattepliktig inntekt frå første krone. Sjå Skatte-ABC. 

Utleige av fritidsbustad

Der du heilt eller delvis brukar fritidsbustaden til fritidsføremål, og sjølv brukar eigedomen i rimeleg omfang over tid, så er utleigeinntekter inntil kr 10 000 skattefrie (fritaksbehandling). Av det overskytande beløpet blir 85 prosent rekna som skattepliktig inntekt.

Dersom fritidsbustaden blir rekna som utleigehytte (ikkje fritaksbehandling), blir det skattlegging frå første krone (rekneskapsbehandling). Til gjengjeld får du då frådrag for utgifter. Les meir i Rettleiing til RF-1189 (s. 2)

Du må levere RF-1189 "Utleige m.m. av fast eigedom" saman med skattemeldinga. Netto inntekt skal førast i skattemeldinga post 2.8.3.

SPØRSMÅL: Du leiger ut hytta di til ein svensk familie ein sommar i tre veker. Pris: 9000 kroner veka. Samla inntekt: 27 000. Skal du skatte av dette?

SVAR: Ja. Har du leigd ut for 27 000 kroner, er altså 14 450 kroner skattepliktig inntekt. (27 000 minus 10 000 er 17 000 og 85 % av de 17 000 er 14 450, som blir skattepliktig inntekt.)

SPØRSMÅL: Du låner hytte/bustad til andre gjennom eit selskap som organiserer slike utlån, men som overlèt alt ansvar for skattlegging til deltakarane. Selskapet tek 20 prosent, du får resten. Skal du skatte av det du tener? Kva om dei ikkje har noko tilknyting til Noreg og berre opererer via ein applikasjon (app)?

SVAR: Inntekta skal handterast på same måte som der skattytaren sjølv organiserer utlånet.

Utleige av fleire fritidsbustader

Om du leiger ut fleire enn ein fritidsbustad gjeld grensa på 10 000 per fritidsbustad. Du kan difor leige ut tre ulike fritidsbustader for 9 000 kroner kvar og ha samla utleigeinntekter på 27 000 kroner utan at dette utløyser skatteplikt, så langt vilkåra for fritaksbehandling er oppfylte for kvar einskild fritidsbustad.

Avskriving og vedlikehald

SPØRSMÅL: Korleis er avskrivingsreglane når deling av hus er næring? Kan ein skrive av verdien på bustaden på skatten heilt eller delvis? Og kva med utgifter til vedlikehald og verdistigning?

SVAR: Ved utleige av bustad er avskriving vanlegvis ikkje aktuelt. Er utleiga av bustaden din skattepliktig og inntektene skal rekneskapsbehandlast, får du frådrag for vedlikehald etter nærare reglar. Derimot gir utgifter til endring eller oppdatering (påkostnad) ikkje rett til frådrag. Les meir i Skatte-ABC om vedlikehald.

SPØRSMÅL: Eg har høyrt at grensa for når ein blir rekna som verksemd er ved utleige av 4 bustader, stemmer dette? I så fall, gjeld dette for alle kombinasjonar av primærbustad, sekundærbustad og fritidsbustad, eller finst det unnatak?

SVAR: For utleigetilfella kan ein etter praksis som utgangspunkt gå ut frå at det er verksemd å leige ut fem bueiningar eller meir til bustad- og fritidsføremål, men dette er ikkje ein absolutt regel. Også utleige i mindre omfang kan vere verksemd, sjå Skatte-ABC 2017 "Verksemd – allment" pkt. 03.03.2012 , der det går fram at: "Dette vil bl.a. være tilfelle når skattyteren har et høyt aktivitetsnivå, f.eks. i forbindelse med intensiv korttidsutleie, tilsyn og vask av lokalene eller lignende. Særlig ved korttidsutleie til fritidsformål vil aktivitetsnivået ofte være høyt, slik at det etter omstendighetene kan foreligge virksomhet selv om det bare er én boenhet som leies ut. Det samme gjelder hvis det for en boenhet er flere separate leieforhold."

Utleigetilhøve i bygningar som blir fritaksbehandla etter sktl. § 7-2, skal haldast utanfor når ein vurderer om dei andre utleigetilhøva skal reknast som verksemd.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.