Utleige av løsøre

  • Skriv ut

Utleige av bil og andre gjenstandar

Gjeld for deg som leiger ut bilen eller andre gjenstandar, til dømes verktøy, tilhengjar eller andre eigedelar. Når du også brukar gjenstanden og/eller bilen din privat og brutto utleigeinntekt er maksimalt 10 000 kroner i året, skal du ikkje betale skatt av utleiga. Dersom utleigeinntektene overstig 10 000 kroner skal inntektene rapporterast i skattemeldinga. Det er det same om utleiga skjer privat eller gjennom ein formidlar (applikasjon eller nett-teneste som nabobil.no).

Du finn meir informasjon i Skattedirektoratet sin prinsipputtale av 4. april 2016 om skatteplikt ved utleige av bil som blir formidla via ein nettbasert marknadsplass.

Frådragsføring etter sats for inntektsåret 2016

(Merk: Ny sats for 2016 er kr 3,05 per km der leigetakaren dekkjer drivstoff)

Kostnader som kjem på i samband med utleige av bil gir rett til frådrag ved skattepliktig utleige. Ettersom kostnader som kjem på når du brukar bilen privat, ikkje gir rett til frådrag, må kostnadene fordelast slik at berre den delen av kostnadene som er knytte til utleiga kjem til frådrag. For å gjere handsaminga enklare er det i forskrift om taksering av formues-, inntekts-, og frådragspostar som må fastsetjast ved skjøn for 2016 (takseringsreglane 2016) § 1-3-20 fastsett frådragsreglar for bruk av bil i yrket. Ifølgje denne føresegna gir ein «fradrag for bruk i yrket med kr 3,80 per km (...) for bil som ikke skattlegges som yrkesbil.» Denne frådragssatsen er basert på at skattytaren dekkjer alle kostnadene ved bilhaldet, mellom anna drivstoff. Satsen passar ikkje i tilfelle der leigetakaren dekkjer kostnader til drivstoff i tillegg til leiga.

Skattedirektoratet har kome til at satsen kan nyttast for inntektsåret 2016, men må reduserast når leigetakaren dekkjer drivstoff sjølv. I slike tilfelle må satsen reduserast til kr 3,05 per km. Ein må òg redusere den ordinære satsen på tilsvarande måte (dvs. med 20 %) ved utleige av andre framkomstmiddel der leigetakaren dekkjer drivstoff. Ordinære satsar for andre framkomstmiddel går fram av takseringsreglane 2016 § 1-2-6.

Spørsmål:

Eg eig ein klassisk Jeep Wrangler Sport frå slutten av nittitalet med såkalla "soft top", ein rå kufangar og tøffe halvdører. Eg er naturlegvis klar over at bilen min er eit ettertrakta leigeobjekt, særleg om sommaren, og bilen blei difor leigd ut via ein nettbasert marknadsplass tre veker om sommaren i inntektsåret 2016. Eg tente like over 20 000 kroner på utleiga etter at den nettbaserte marknadsplassen hadde teke sitt. Leigetakarane dekte drivstoff, bompengar, og vel også nokre parkeringsbøter. Må eg skatte av leigeinntektene mine? Korleis blir det i tilfelle med inntekts- og frådragsføring i skattemeldinga?

Svar:

Du må gi opp leigeinntektene i skattemeldinga dersom brutto leigeinntekter overstig kr 10 000, noko som er tilfelle for din del. Brutto leigeinntekter oppgir du i skattemeldinga post 3.1.12. Du har òg rett på nokon frådrag som skal førast i skattemeldinga post 3.3.7. Du kan til dømes føre til frådrag delen til nettbasert marknadsplass. Når det gjeld frådrag for bilkostnader, skal desse frådragsførast etter sats med mindre bilen er rekna som yrkesbil. Ettersom leigetakarane dine har dekt drivstoff skal du nytte ein sats på kr 3,05 per km som leigetakarane har køyrt bilen din. Dersom bilen er køyrt til dømes 1000 km i løpet av uteleigetilhøvet blir difor frådraget ditt på kr 3 050 (1000 km x kr 3,05). Skatt på 25 % blir rekna av nettoinntekta di, dvs. utleigeinntekt der frådraga er trekte frå.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.