Bruk fødselsnummeret som arbeidsgjevarnummeret

I den forenkla meldinga fungerer ditt eige fødselsnummer som arbeidsgivarnummer (organisasjonsnummer). Fødselsnummeret skal brukast når du er i kontakt med avgiftsstyresmaktene og NAV. Dersom du har fått tildelt eit organisasjonsnummer som næringsdrivande arbeidsgivar, må du ikkje bruke dette nummeret i den forenkla meldinga.

Forskotstrekk

Samtidig som du betaler ut lønna, trekkjer du skatten og betaler inn beløpet. Dersom du fyller ut og leverer meldinga gjennom Altinn, får du automatisk eit KID-nummer (kundeidentifikasjonsnummer) og kontonummer for innbetaling av skatten. For å betale elektronisk, utan at du har levert gjennom Altinn, kan du kontakte skatteoppkrevjaren eller gå til skatteetaten.no for å få KID-nummer og kontonummer.

Det går fram av skattekortet til arbeidstakaren kor mykje du skal trekkje i skatt (forskotstrekk). Du kan hente inn skattekortet automatisk i meldinga når du leverer elektronisk på altinn.no/a-ordningen. Leverer du meldinga på papir, må du hente skattekortet elektronisk via denne tenesta. Er du ein biarbeidsgivar for arbeidstakaren, vil skattekortet vere eit prosentkort. Forskotstrekket skal då reknast ut av lønna med denne prosenten. Er du hovudarbeidsgivar kan skattekortet vere eit tabellkort. Forskotstrekket går fram av den tabellen det er oppgitt tabellnummer for. Du finn tabellen på skatteetaten.no. Dersom skattekortet er eit frikort med beløpsgrense, skal det ikkje trekkjast skatt før fribeløpet er brukt opp. 

Det er gjort unnatak frå plikta til å utføre forskotstrekk for små lønnsutbetalingar. Du kan late vere å trekkje skatt dersom

  • lønna til ein person ikkje overstig 500 kroner i løpet av ein kalendermånad
  • samla forskotstrekk i ein kalendermånad ikkje overstig 100 kroner 
  • lønnsutbetalinga for arbeid i heimen ikkje overstig 6000 kroner til éin person i løpet av inntektsåret

Dette gjeld berre forskotstrekket. Sjølve skatteplikta og plikta til å sende inn forenkla melding følgjer andre reglar, sjå seinare i brosjyren.

Arbeidstakar skal ha kopi

Arbeidstakaren skal ha ein kopi av meldinga. Arbeidstakaren må ta vare på eksemplara sine av meldinga for å kunne kontrollere og fylle ut postane i skattemeldinga.

Eksemplaret ditt

Ta vare på eksemplaret ditt av meldinga som dokumentasjon. Ved å fylle ut meldinga og ta vare på din del i fem år oppfyller du krava skattestyresmaktene har sett til lønnsrekneskap for private arbeidsgivarar.

Same rapporteringsordning for alle arbeidstakarar

Berre éin person i husstanden kan vere privat arbeidsgivar for eitt og same år. Du må velje den same typen rapporteringsordning for alle arbeidstakarar som utfører lønnsarbeid i heimen eller fritidsbustaden din dette året. Sjølv om vilkåra for forenkla melding er oppfylte, er den forenkla ordninga frivillig. Andre rapporteringsordningar er omtalte i brosjyren Når ein privatperson blir arbeidsgivar. Det har ingenting å seie kva ordning du vel, når det gjeld fritaket for arbeidsgivaravgift.

Dersom betalingane går over grensa på 60 000 kroner

Dersom dei samla årlege lønnsutbetalingane i husstanden overstig 60 000 kroner, må du rekne ut og betale arbeidsgivaravgift av heile beløpet. Grensa på 60 000 kroner gjeld summen av lønn, feriepengar, sjukepengar og verdien av fri kost og losji. Lønn for privat pass av barn under 12 år og eldre barn som har særleg behov for omsorg og pleie, blir ikkje rekna med. Du må då etterutrekne arbeidsgivaravgift av alle lønnsutbetalingar du har gjort etter den forenkla ordninga. Du skal likevel halde fram med å bruke den forenkla meldinga ut året. KID-nummer (kundeidentifikasjonsnummer) for å betale inn arbeidsgivaravgift elektronisk (i nettbanken) kan du bestille her.