Vilkår for å kunne bruke den forenkla ordninga

Det er fleire vilkår som må vere oppfylte for at du skal bruke den forenkla ordninga.

Arbeid på eller i tilknyting til heimen eller hytta

Oppdraget må gjelde privat arbeid på eller i tilknyting til heimen eller fritidseigedomen din. Arbeid på byggjeplassen før innflytting kjem ikkje inn under ordninga, sjølv om bygget seinare skal bli heimen din. Påkosting etter innflytting blir godteke som arbeid i heimen. Det same gjeld bygging av garasje. Døme på kva slags arbeid som kjem inn under ordninga omfattar reinhald, hagestell, snømoking og arbeid på bygningar, hage, køyrety og lausøyre. Arbeidet skal i utgangspunktet gå føre seg ved heimen. Når det er mest praktisk å utføre arbeidet heime hjå den private arbeidstakaren, kan gjenstanden likevel takast med heim dit.

Arbeidsgjevaren som privatperson

Den som engasjerer arbeidstakaren må gjere det som privatperson, ikkje som næringsdrivande. Sjølv om du driv verksemd til dagleg, kan du bruke den forenkla ordninga når tilsetjinga gjeld arbeid i  heimen din. Då blir dette rekna som eit privat forhold utan tilknyting til næringsverksemda. Lønsutgiftene gjev ikkje rett til inntektsfrådrag i næringsverksemd. Dersom løna er frådragsgodkjend for arbeidsgjevaren, fell ein utanfor ordninga.

Oppdragstakaren kan ikkje drive næring i same bransjen

Den du engasjerer, må kunne ta oppdraget som arbeidstakar. Det vil seie at personen ikkje kan drive næring innan det fagfeltet som oppdraget gjeld. Den forenkla ordninga gjeld heller ikkje dersom du engasjerer eit firma med fleire arbeidarar. Det er ditt ansvar å kontrollere om oppdragstakaren er eit registrert firma eller ein sjølvstendig næringsdrivande. Skattekontoret kan opplyse om personen er registrert i meirverdiavgiftsmanntalet.

Avtalen må vere inngått mellom private

Oppdraget må vere avtala mellom private. Det kan ikkje gjerast avtalar via arbeidsgjevaren til den som skal utføre arbeidet. Dersom eit firma lagar ei ordning der deira tilsette tek firmaet sine oppdrag som private oppdrag i heimen til oppdragsgjevaren, vil dette bli rekna for ei illojal omgåing av skattereglane. Likningsstyresmaktene kan setje til sides slike ordningar. Til dømes kan ikkje eit entreprenørfirma late sine tilsette ta ein del av entreprisen privat for å spare arbeidsgjevaravgift og meirverdiavgift.

Opp til 60 000 kroner i løn og feriepengar

Dei samla lønsutbetalingane må ikkje overstige 60 000 kroner per år. Kontantløn, feriepengar, sjukepengar og verdien av eventuell fri kost og losji som arbeidstakaren har motteke skal reknast med.

Beløpsgrensa gjeld samla for heile husstanden. Talet på medlemer i husstanden er ikkje avgjerande. Berre ein person i husstanden kan stå som arbeidsgjevar for arbeid i heimen for kvart år. Du kan difor ikkje rekne 60 000 kroner frå deg og i tillegg 60 000 kroner frå ektefellen eller sambuaren din. I generasjonsbustader gjeld grensa for kvar av husstandane dersom dei har eige hushald.

Du kan lese meir om løn for privat pass av barn under 12 år og pass av eldre barn som har særskilt behov for omsorg og pleie i brosjyren ”Skattereglerr ved barnepass for foreldre, dagmammaer og praktikanter”.

Ikkje når det er gjeve tilleggsytingar

Den forenkla ordninga kan brukast der arbeidstakaren får mat og husrom i samband med utføring av arbeidet. Då skal verdien av fri kost og losji reknast saman med kontantløna.

Du kan ikkje bruke den forenkla ordninga dersom du har dekt arbeidstakaren sine utgifter kontant utanom løna, til dømes betalt ut bilgodtgjersle eller gjeve andre naturalytingar enn mat og husrom (kost og losji). Då må du følgje oppgjersordninga for vanlege arbeidsgjevarar. Fritaket for arbeidsgjevaravgift gjeld framleis dersom summen av løn, utgiftsgodtgjersler og naturalytingar ikkje overstig 60 000 kroner.