A-melding

Om opplysningsplikta

Du som har betalt lønn og anna godtgjersle for arbeid eller oppdrag, skal sende inn a-melding. Rapportering av lønns- og tilsetjingsforhold til Skatteetaten, NAV og Statistisk sentralbyrå (SSB) er samla i a-meldinga og skal sendast inn kvar månad av alle som utbetaler lønn, pensjon og andre ytingar. A-meldinga inneheld opplysningar om lønn og ytingar, i tillegg til status på alle arbeidsforhold. I januar i året etter inntektsåret skal du gi arbeidstakaren ei samanstilling som viser summen av lønn og andre ytingar og kva som er trekt i skatt i løpet av året. Ho gir arbeidstakaren eit grunnlag for å kunne kontrollere skattemeldinga.

Kan du bruke den forenkla oppgjersordninga for private arbeidsgivarar, skal du levere Melding om lønna arbeid i heimen A04. Meldinga skal fyllast ut for kvar lønnsutbetaling. Du kan fylle ut og sende inn meldinga elektronisk. Arbeidstakaren skal ha ei utskrift av den elektroniske meldinga eller ein kopi av meldinga på papir som lønnsslipp ved kvar utbetaling. Summen av alle meldingar/lønnsslippar erstattar ei årleg samanstilling av det som er tent opp i løpet av året. Arbeidstakaren må derfor ta vare på meldinga/meldingane for å kunne kontrollere skattemeldinga. Du finn meir informasjon i brosjyrane Lønnsarbeid i heimen og Betalt barnepass.