Arbeidsgivaravgift

Arbeidsgivaravgift er ei avgift til folketrygda som arbeidsgivarar skal betale av brutto arbeidsvederlag m.m. Avgifta gjeld ikkje arbeidstakaren – det er ei avgift som arbeidsgivaren skal betale.

Arbeidsgivaravgift skal reknast ut etter ein prosentsats. Denne er i utgangspunktet avhengig av kva for avgiftssone arbeidsgivaren er busett i (folkeregistrert adresse).Avgiftssatsane og sonene blir fastsette av Stortinget kvart år. Du skal rekne ut arbeidsgivaravgift av lønn og andre ytingar dersom du ikkje er omfatta av den forenkla ordninga for private arbeidsgivarar. Arbeidsgivaravgift skal betalast til skatteoppkrevjaren annankvar månad. Du må summere beløpa for dei to månadene i terminen.

Det er spesielle reglar for arbeidsgivaravgift på naturalytingar (t.d. fri kost og losji) og utgiftsgodtgjersler (t.d. bilgodtgjersle). Skatteoppkrevjarkontoret kan gi nærmare opplysningar om dette.