Betaling av forskotstrekk og arbeidsgivaravgift

Forskotstrekk og arbeidsgivaravgift skal betalast til skatteoppkrevjaren i den kommunen den private arbeidsgivaren bur i.

Når du skal betale arbeidsgivaravgift og forskotstrekk, må du summere beløpa du har rapportert inn i a-meldingar frå dei to kalendermånadene i terminen. Du får eitt KID-nummer for forskotstrekk og eitt for arbeidsgivaravgift når du leverer elektronisk. Leverer du a-melding på papir, må du sjølv generere KID-nummer. KID-nummeret er det same for dei to månadene i terminen.

Kontonummeret til skatteoppkrevjaren finn du her.

Private arbeidsgivarar som bruker den forenkla oppgjersordninga og leverer elektronisk, får automatisk eit KID-nummer (kundeidentifikasjonsnummer) og kontonummer for innbetaling av skatten (forskotstrekk). Leverer du meldinga på papir, må du sjølv generere KID-nummer. Trekt forskotstrekk skal betalast til skatteoppkrevjaren samtidig med at du betaler ut lønna.

Det er viktig å overhalde betalingsfristane, elles må du betale forseinkingsrenter. Pass på at beløpet blir overført i tide.

Minstegrense for innbetaling:

Dersom samla forskotstrekk eller arbeidsgivaravgift for ein oppgjersperiode (to månader) er på 99 kroner eller mindre, fell plikta til å betale inn beløpet bort. Arbeidsgivar skal likevel levere a-melding ved kvar lønnsutbetaling.