Føreord

Mange privatpersonar som skal ha utført arbeid av andre mot betaling, kan vere i tvil om kva plikter dei har som arbeidsgivarar. Denne brosjyren er laga for å gjere det enklare å få oversikt over kva reglar som gjeld overfor skattestyresmaktene.

Skattestyresmaktene er mellom anna skatteoppkrevjaren og skattekontoret. Det er hovudsakleg skatteoppkrevjarkontoret arbeidsgivarar har med å gjere. Med skatteoppkrevjar meiner vi kemner eller kommunekasserar.

Vi har ikkje teke med alle detaljar i skattereglane, men private arbeidsgivarar kan likevel følgje reglane slik vi har forklart dei her.

Det er fastsett særskilde skattereglar som gjer det enklare og billigare for husstandar å engasjere privatpersonar til arbeid i heimen eller på fritidseigedomen. På visse vilkår slepp ein å betale arbeidsgivaravgift. Det er òg utarbeidd ei forenkla melding, som gjeld både betaling av skattetrekk og som lønnsslipp.

Opplysningar om denne ordninga finn du i brosjyren Lønnsarbeid i heimen

Opplysningar om skattereglar ved lønn til barnepass i eigen heim eller hjå dagmamma, finn du i brosjyren Betalt barnepass. Ein arbeidsgivar gir i enkelte tilfelle vederlag for arbeid i form av naturalytingar (t.d. fri kost og losji) eller utgiftsgodtgjersle (t.d. bilgodtgjersle). Føresegner om korleis dette skal handsamast, har vi ikkje teke med her. Skatteoppkrevjaren i kommunen kan svare på dette og andre spørsmål.