Forskotstrekk

Som arbeidsgivar pliktar du å utføre forskotstrekk av lønna til arbeidstakaren og gi oppgjer for dette til skatteoppkrevjaren. Dersom du er omfatta av dei forenkla reglane for private arbeidsgivarar, gjeld det særskilde reglar. Sjå Lønnsarbeid i heimen.

Dersom du er ein privat arbeidsgivar som ikkje er omfatta av den forenkla ordninga, må du ha ein skattetrekkskonto som du set inn forskotstrekket på når du har gjennomført trekket. Du skal betale inn forskotstrekk annakvar månad. Du må summere beløpa for dei to månadene i terminen. Som arbeidsgivar er du både økonomisk og strafferettsleg ansvarleg for å trekkje og betale inn skatt.

Slik gjer du det:

Samtidig som du betaler ut lønna eller vederlaget, trekkjer du skatt av beløpet. Kor mykje du skal trekkje i skatt (forskotstrekk) går fram av skattekortet til arbeidstakaren som du sjølv har henta elektronisk via denne tenesta. Vanlegvis er ein privat arbeidsgivar biarbeidsgivar og skal då trekkje skatt etter prosentsatsen på skattekortet (del 2). Dersom du er hovudarbeidsgivar og arbeidstakaren har tabellkort, skal du trekkje skatten etter tabellen. Forskotstrekket går fram av den tabellen som det er oppgitt tabellnummer for. Trekktabellane finn du her.

Dersom skattekortet er eit frikort med beløpsgrense, skal det ikkje trekkjast skatt før fribeløpet er brukt opp. Når du har gjennomført trekket, set du dette inn på skattetrekkskontoen.